A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Helse Møre og Romsdal HF søkjer ein fagleg engasjert intensivsjukepleiar til avdeling i Ålesund. Stillinga inngår i eit sterkt fagmiljø og turnus med dag-, kveld-, natt- og helgestillingar.
Du blir ein del av eit tverrfagleg team og får moglegheit til fagleg utvikling gjennom kurs og spesialisering. Løn etter gjeldande overeinskomstar og god offentleg pensjonsordning kjem som delar av tilbodet.
Vil du vere ein del av eit sterkt fagmiljø der pasienttryggleik, kompetanse og samarbeid står i sentrum? Intensivseksjonen ved Ålesund Sjukehus har no ledig fast stilling som intensivsjukepleiar.
Intensivseksjonen i Ålesund er ei beredskapsavdeling med høg fagleg standard og eit engasjert team. Vi behandlar kritisk sjuke pasientar og deltek i hjartestans-, slag-, barn-, MIT-, traume- og MET-team. Hos oss får du:
- Variert og utfordrande arbeid med intensiv- og overvåkingspasientar
- Sterkt fagmiljø med fokus på simulering, kompetanseutvikling og tverrfagleg samarbeid
- Moglegheit til fagleg vekst gjennom kurs, fagdagar og spesialisering
- Trygg og inkluderande arbeidskultur der vi støttar kvarandre og jobbar saman for pasientane
Intensivseksjonen er ein del av Klinikk Ålesund sjukehus og omfattar Kirurgisk intensiv, Postoperativ seksjon og Medisinsk intensiv/hjarteovervaking. Som intensivsjukepleiar hos oss, vil du bli ein del av eit sterkt fagmiljø som samarbeider i team med andre faggrupper som til dømes anestesilegar, medisinarar, kirurgar, fysioterapeutar og fleire. Vi set fag i fokus og god opplæring vert prioritert. Stillingane inngår i turnus (dag/kveld/natt/helg).
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.
Marit Vatsaas Vinje,Seksjonsleiar,+47 70 10 55 23,Marit.Vatsaas.Vinje@helse-mr.no
Åsehaugen 5
6017Ålesund
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5208857175
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.12.2026