Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Helse Møre og Romsdal HF i Ålesund søkjer intensivsjukepleiar til fast heiltidsstilling i ein sterk fagmiljø. Du vil arbeide i eit team som handterer kritisk sjukdom, overvaking og avansert behandling, og du vil bidra til fagutvikling og pasientsikkerheit.
Stillinga inngår i turnus (dag/kveld/natt/helg) med 100% stilling og god offentleg pensjonsordning. Søkjarar med norsk autorisasjon og vidareutdanning i intensiv vil bli prioritert.
Intensivsjukepleiar INTENSIV ÅLESUND, Helse Møre og Romsdal HF
Vil du vere ein del av eit sterkt fagmiljø der pasienttryggleik, kompetanse og samarbeid står i sentrum?
Intensivseksjonen ved Ålesund Sjukehus har no ledig fast stilling som intensivsjukepleiar
Intensivseksjonen i Ålesund Er Ei Beredskapsavdeling Med Høg Fagleg Standard Og Eit Engasjert Team. Vi Behandlar Kritisk Sjuke Pasientar Og Deltek i Hjartestans-, Slag-, Barn-, MIT-, Traume- Og MET-team. Hos Oss Får Du
Intensivseksjonen er ein del av Klinikk Ålesund sjukehus og omfattar Kirurgisk intensiv, Postoperativ seksjon og Medisinsk intensiv/hjarteovervaking. Som intensivsjukepleiar hos oss, vil du bli ein del av eit sterkt fagmiljø som samarbeider i team med andre faggrupper som til dømes anestesilegar, medisinarar, kirurgar, fysioterapeutar og fleire. Vi set fag i fokus og god opplæring vert prioritert. Stillingane inngår i turnus (dag/kveld/natt/helg).
Nøkkelinformasjon
01.12.2026
Helse Møre og Romsdal HF
Ålesund
intensivsjukepleiar
1
Heiltid
Fast
100
Vi ber om attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Adresse: Ålesund Sykehus, Åsehaugen 5, 6017 Ålesund, Norge
Marit Vatsaas Vinje
Seksjonsleiar
Telefon: +47 70 10 55 23
E-post: Marit.Vatsaas.Vinje@helse-mr.no
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal