A complete application in a minute — tailored resume and cover letter, ready to send.
Osterøytunet i kommunen har ledig 100 % fast stilling som sjukepleiar frå 01.11.2026, med oppstart etter nærare avtale. Stillinga er ved korttidsavdelinga med todelt turnus og helger. Arbeidsoppgåver inkluderer helhetleg omsorg, legemiddelhandtering og koordinering av tenester.
Vi tilbyr eit tverrfagleg arbeidsmiljø, moglegheit for fagleg utvikling og høve til å påverke eigen arbeidplan i årsturnus. Finst også moglegheit for langvakter frå mars 2027 og gode pensjonsvilkår.
Vi har ledig 100 % fast stilling som sjukepleiar. Stillinga er ledig frå 01.11.2026, med oppstart etter nærare avtale.
Osterøytunet er kommunen sin sjukeheim og ligg på Hauge. Sjukeheimen har 64plassar fordelt på sju grupper, der tre grupper er for personar med demens, tre grupper er for somatiske pasienter og den siste gruppa er ei kortidsgruppe. Sjukeheimen har eiga natteneste, som også har ansvar for heimebuande og bufellesskapet. Stillinga er ved korttidsavdelinga, med todelt turnus og arbeid kvar tredje helg. Frå mars 2027 er det mogleg å få turnus med langvakter på 14 timar.
Hos oss får du ein variert og meiningsfull arbeidskvardag, der du møter pasientar med ulike og samansette behov, ofte i overgangen mellom sjukehus og heim.
Arbeidsoppgåvene omfattar mellom anna sjukepleiefagleg oppfølging, vurdering og observasjon, legemiddelhandtering og koordinering av tenester. Du vil også ha tett samarbeid med spesialisthelsetenesta, på tvers av andre einingar, sjukepleiarteam internt, samt med pårørande og anna helsepersonell.
Du blir ein del av eit tverrfagleg og engasjert arbeidsmiljø, der kompetansen din er viktig for å sikre gode og heilskaplege pasientforløp. Hos oss får du høve til å bruke og utvikle sjukepleiefaget – og gjere ein viktig skilnad for pasientane kvar dag.
Vi søkjer etter deg som trivst i lag med menneske i ulike livssituasjonar, og som ønskjer å bidra til tryggleik, meistring og gode pasientforløp.
Du er engasjert, arbeider sjølvstendig og har gode samarbeidsevner. Du likar å ta ansvar, samtidig som du bidreg til å spele kollegaene dine gode. Du er opptatt av å skape gode relasjonar til pasientar, pårørande og kollegaer.
Er du sjukepleiar med godt humør og ei positiv innstilling, kan dette vere stillinga for deg!
Høyrest dette ut som deg, eller kanskje kjenner du nokon som kunne passa? Ikkje nøl med å ta kontakt med oss!
Krav om gyldig politiattest som ikkje er eldre enn 3 md om ein får tilbod om stillinga