ID 2491 Sjukepleiar/Helsefagarbeidar - Tenester til heimebuande

Anne Grete Vik

Stord

On-site

NOK 550,000 - 630,000

Full time

3 days ago
Be an early applicant

Get a reply from this employer

Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.

Get past ATS filters

Benefits offered by this job

IA-bedrift
Offentleg tenestepensjon
Ve og Vel medlemskap og husvære
Leilegheiter i Røldal og Husøy

Job summary

Anne Grete Vik i Vestland fylke inviterer autorisert sjukepleiar til ein 100% fast stilling i Heimerehabiliteringsteamet. Stillinga er delt 40% i Sjukepleie- og meistringsteamet og 60% i Heimerehabiliteringsteam, med dagtid og rotasjon kvar tredje helg.

Arbeidet gir varierande oppgåver med tverrfagleg samarbeid, og fokus på meistring, sikker heimreise og utvikling av tenester. Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentere norskkunnskapar til B2.

Qualifications

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Førarkort klasse B
  • Førarkortklasse B eller bilsertifikat kan vere krav for travel mellom lokasjonar
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne

Responsibilities

  • Sjukepleiefagleg oppfølging av heimebuande brukarar
  • Kartlegging, vurdering og oppfølging av helsetilstand
  • Rehabiliterande oppfølging og meistringsarbeid i brukarane sine heimar
  • Legemiddelhandtering og kliniske prosedyrar
  • Samarbeid med pårørande, fastlegar, sjukehus og andre samarbeidspartnarar
  • Tverrfagleg samarbeid i heimerehabiliteringsteamet
  • Rettleiing av studentar, elevar og kollegaer
  • Bidra til fagutvikling og kvalitetsforbetring

Skills

Norsk autorisasjon
Førarkort B
Gode munnlege/ skriftlege framstilling

Job description

Vil du vere med å utvikle framtidas tenester til heimebuande? Me ser fram til å høyra frå deg!

Dette er ei kombinert stilling i Sjukepleie- og meistringsteamet i Aktivitet og re/habilitering i Heimerehabiliteringsteam.

Det er ledig fast 100 % stilling for autorisert sjukepleiar eller helsefagarbeidar.

Stillinga er delt mellom 40 % i Sjukepleie- og meistringsteamet med turnusarbeid kvar 3. helg, og 60 % i Heimerehabiliteringsteam med arbeid dagtid.

Stillinga gir deg ein spennande og variert arbeidskvardag med moglegheit til å følgje brukarar gjennom ulike fasar av helsetenestene.

Dette er stillinga for deg som ønskjer fagleg utvikling, tverrfagleg samarbeid og å bidra til at innbyggjarane kan bu trygt og godt heime så lenge som mogleg.

Sjukepleie- og meistringsteamet består av sjukepleiarar som har eit særleg ansvar for sjukepleiefaglege oppgåver til heimebuande brukarar. Teamet arbeider målretta med kartlegging, avansert sjukepleie, observasjon, behandling, rettleiing av kollega, koordinering og meistring.

Heimerehabilitering er eit tverrfagleg tilbod til personar som har opplevd eit brått eller gradvis funksjonsfall som har behov for oppfølging etter sjukdom eller skade. Teamet arbeider målretta og tidsavgrensa for å styrkje brukarane si eiga meistring og sjølvstende i kvardagen.

I teamet samarbeider sjukepleiarar, fysioterapeutar og ergoterapeutar tett med brukaren. Treninga tek utgangspunkt i brukaren sine eigne mål og det som er viktig i kvardagen. Målet er å styrkje funksjon, meistring og moglegheita til å vere aktiv og sjølvstendig i eigen kvardag.

Me er ein organisasjon i utvikling og har samla sjukepleiarkompetansen i eit eige fagmiljø der samarbeid, fagleg refleksjon og kollegastøtte står sentralt. Teamet er også involvert i utvikling av sjukepleieklinikk og nye arbeidsmåtar innan framtidas heimebaserte tenester.

Kvifor velje oss?

Hos oss får du:
  • Eit inkluderande og fagleg sterkt arbeidsmiljø
  • Tett samarbeid med dyktige kollegaer frå fleire faggrupper
  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Moglegheit til å påverke og utvikle tenestene
  • God opplæring og tett oppfølging
  • Fokus på fagutvikling og kunnskapsbasert praksis
  • Ein meiningsfull arbeidskvardag der du gjer ein forskjell
Arbeidsoppgåver
  • Sjukepleiefagleg oppfølging av heimebuande brukarar
  • Kartlegging, vurdering og oppfølging av helsetilstand
  • Rehabiliterande oppfølging og meistringsarbeid i brukarane sine heimar
  • Legemiddelhandtering og kliniske prosedyrar
  • Samarbeid med pårørande, fastlegar, sjukehus og andre samarbeidspartnarar
  • Tverrfagleg samarbeid i heimerehabiliteringsteamet
  • Rettleiing av studentar, elevar og kollegaer
  • Bidra til fagutvikling og kvalitetsforbetring
Me ser etter deg som
  • Er fagleg engasjert og utviklingsorientert
  • Har gode samarbeidsevner
  • Er sjølvstendig og strukturert
  • Kommuniserer godt med brukarar, pårørande og kollegaer
  • Har interesse for rehabilitering, meistring og tverrfagleg samarbeid
  • Bidreg positivt til arbeidsmiljøet
Kvalifikasjonar
  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Helsefagarbeidar med relevant vidareutdanning og/eller erfaring innan rehabilitering kan og søke
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentere norskkunnskapar tilsvarande nivå B2
  • Førarkort klasse B
  • Personlege eigenskapar vert tillagde stor vekt
Politiattest

Det er krav om å leggje fram politiattest for alle som yter tenester innanfor rehabilitering, helse og omsorg ref. Helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4

Tilsetjinga føreset at arbeidstakaren legg fram gyldig politiattest innan tiltreding dersom dette er kravd for stillinga etter lov eller forskrift. Dersom politiattest ikkje blir lagd fram innan fristen, eller attesten viser forhold som etter gjeldande regelverk er til hinder for tilsetjing i stillinga, kan arbeidsgivar avgjere at arbeidstakaren ikkje kan tiltre stillinga.

Me tilbyr
  • Løn kr 25.000 over garantiløn i hovudtariffavtalen (gjeld sjukepleiar)
  • Eit spennande og innovativt fagmiljø
  • Varierte arbeidsoppgåver innan både sjukepleie og rehabilitering
  • IA-bedrift og tilgang til bedriftshelseteneste
  • Medlemskap i Ve og Vel med mellom anna tilgang til leilegheiter i Røldal og Husøy, båt og tilhengar
  • Offentleg tenestepensjon
  • Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk

Dersom søkjar ønskjer å bli unnateken frå offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjorde sjølv om søkjar har bede om reservasjon. Søkjar vert varsla dersom ønsket ikkje vert teke til følgje.

Get your free, confidential resume review.

or drag and drop your file here.

Similar jobs

Similar jobs worth comparing

ID 2490 Sjukepleiarar - Tenester til heimebuande
ID 2490 Sjukepleiarar - Tenester til heimebuande

Anne Grete Vik • Stord

On-site
NOK 23,000 - 28,000
Løn over garantiløn
Varierte arbeidsoppgåver
Fagleg utvikling
+4
ID 2492 Sjukepleiarar/Helsefagarbeidarar - Tenester til heimebuande
ID 2492 Sjukepleiarar/Helsefagarbeidarar - Tenester til heimebuande

Violeta Ivanauskiene • Stord

On-site
NOK 520,000 - 680,000
Positivt arbeidsmiljø
Gode opplæring og oppfølging
IA-bedrift
+1
Tilkallingsvikar: Helsetun og Heimetenester
Tilkallingsvikar: Helsetun og Heimetenester

Marit Irene Aas Nesheim • Aurland

On-site
NOK 320,000 - 460,000
Tilkallingsvikarar ved institusjonstenester og heimebaserte tenester
Tilkallingsvikarar ved institusjonstenester og heimebaserte tenester

Marit Irene Aas Nesheim • Aurland

On-site
NOK 320,000 - 460,000
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Lønnstyrtar tariff (lokal heft)
Vernepleiar/sjukepleiar
Vernepleiar/sjukepleiar

Agnete Tuften • Sogndal

On-site
NOK 480,000 - 640,000
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Gode velferdsordningar
Lønn etter tariffavtale
Sykepleier - 100% stilling
Sykepleier - 100% stilling

Arendal kommune • Arendal

On-site
NOK 520,000 - 680,000
Konkurransedyktige lønnsbetingelser
Fleksibilitet i turnus
Fagdager i året
+1
Sykepleier vikariat 100% stilling ut august 2027 - Erfaring og kompetanse bygges på helsehus
Sykepleier vikariat 100% stilling ut august 2027 - Erfaring og kompetanse bygges på helsehus

Bærum Municipality • Oslo fylke

On-site
NOK 480,000 - 591,000
Todelt turnus
Faglig utvikling – internundervisning
Offentlig tjenestepensjon
+1
ID 2491 Sjukepleiar/Helsefagarbeidar - Tenester til heimebuande
ID 2491 Sjukepleiar/Helsefagarbeidar - Tenester til heimebuande

Stord kommune • Stord

On-site
NOK 279,000 - 391,000
Spennande og innovativt fagmiljø
Varierte arbeidsoppgåver
IA-bedrift og bedriftshelseteneste
+2
Vernepleier/sykepleier - Nordmyrveien og Granvinveien bofellesskap
Vernepleier/sykepleier - Nordmyrveien og Granvinveien bofellesskap

Martine Løvholen Lulai • Askim

On-site
NOK 550,000 - 700,000
Gode parkeringsmuligheter
Inntil tolv lønnede dager velferdsperm
Gode pensjonsordninger
+1
Fysioterapeut i innsatsteam
Fysioterapeut i innsatsteam

Bærum Kommune • Rud

On-site
NOK 550,000 - 750,000
Bedriftsidrettslag
Kompetanseutviklingsstipend
Offentlig tjenestepensjon