Consigue una respuesta de este empleador
Tu currículum y tu carta de presentación, adaptados exactamente a lo que buscan contratar.
Fyresdal kommune søker ein engasjert HR-rådgjevar som støttar leiarar og tilsette i personalforvaltning, arbeidsmiljø og organisasjonsutvikling.
Stillinga krev integritet, rolleforståing og evne til samarbeid med leiarar, tillitsvalgte og vernetjeneste. Arbeidet inneber rekruttering, onboarding og saksbehandling innan arbeidsrett og HMS.
Vi satsar på eit godt arbeidsmiljø, og ser etter ein som kan vera med å utvikle kommunen som organisasjon i eit framtidsretta velferdssamfunn.
Vi søker ein engasjera og faglig sterk HR-rådgjevar som ynskjer å vere ein god støttespelar for leiarane og tilsette. Stillinga er sentral i kommunen sitt arbeid med personalforvaltning, arbeidsmiljø og organisasjonsutvikling og inneber eit nært samarbeid med leiarane,tillitsvalgte og vernetjenesta.
Har høg grad av integritet og rolleforståing
Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt
Saksbehandling innan arbeidsrett, personalforvaltning og HMS
Delta i rekrutteringsprosessar og onboarding av nye medarbeiderar
Relevant høgare utdanning innan HR, organisasjon og/eller leiing
Eit godt arbeidsmiljø med dyktige og engasjera kollegaer
Mogleghet til å påvirke utviklinga av kommunen som organisasjon
Fyresdal kommune er ein framtidsretta distriktskommune med vekst og vilje. Vi satsar målretta på bulyst, næringsutvikling og innovasjon -- og har ambisjonar om å bli ein nasjonal pådrivar innan kunstig intelligens (KI). Fyresdal byr på høg livskvalitet, korte avstandar og naturen tett på, i eit levande lokalsamfunn der det er godt å jobbe, bu og leve.