A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Fyresdal kommune søker vernepleiar/sjukepleiar til heimetenesta. Du skal vere med å skapa eit godt og inkluderande TTF og bidra til eit lagverk der alle er like viktige uavhengig av profesjon.
Du vil arbeide i brukarens eigen heim, med observasjon, legemiddelhandtering og oppfølging av helse og funksjonsnivå etter gjeldande rutinar. Søkjarar må vere autorisert, engasjerte og løysingsorienterte for å styrke laget og sikre god kvalitet i tenestene.
TTF søker vernepleiar/sjukepleiar. Vi treng deg som vil vere med og skape eit godt og inkluderande TTF – ein flott stad å bu, arbeide og trivast. Vi skal spele kvarandre gode!
Er imøtekomande ovanfor pasientar og pårørande
Bidreg til godt arbeidsmiljø og har genuin forståing for at ein jobbar i eit lag der alle er like viktige uavhengig av profesjon
Personlege eigenskaper vil bli vektlagt i stor grad.
Målretta miljøarbeid
Observere endringar i helse og funksjonsnivå og følgje opp dette etter gjeldande rutinar
Legemiddelhandtering etter gjeldande rutinar
Samarbeid med kollegaer, pårørande og aktuelle fagpersonar
Bidra til fagleg utvikling, kvalitet og eit godt arbeidsmiljø
Autorisert vernepleiar/sjukepleiar
Fagleg dyktig, engasjert og trygg på eigen kompetanse
Interesse for fagfeltet og engasjement for brukargruppa
Faglege utfordringar i eit godt arbeidsmiljø med gode kollegaer.
Stor takhøgde for faglege diskusjonar og eit arbeidsmiljø med humor med fokus på at saman får vi det til. Alle tilsette er like viktige i teamet uavhengig av profesjon.
Fyresdal kommune kan vere behjelpeleg med å finne bustad
Fyresdal kommune er ein framtidsretta distriktskommune med vekst og vilje. Vi satsar målretta på bulyst, næringsutvikling og innovasjon -- og har ambisjonar om å bli ein nasjonal pådrivar innan kunstig intelligens (KI). Fyresdal byr på høg livskvalitet, korte avstandar og naturen tett på, i eit levande lokalsamfunn der det er godt å jobbe, bu og leve.