Høgskuleutdanna behandlar

Helse Stavanger

Sogndal

On-site

NOK 650,000 - 750,000

Full time

2 days ago
Be an early applicant

Get a reply from this employer

Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.

Get past ATS filters

Job summary

Indre Sogn psykiatrisenter (ISP) i Sogn og Fjordane utlyser ei 100% fast stilling som høgskuleutdanna behandlar med oppstart i januar 2027. Anna oppstartstidspunkt kan avtalast.

ISP er eit moderne distriktspsykiatrisk senter med seksjonane Dag og Døgn og ein poliklinikk for over 18 år. Vi tilbyr tverrfagleg samarbeid og kunnskapsbasert behandling til pasientar med psykiske lidingar og rusutfordringar, inkludert innsatte i fengsel og eldre med kognitive utfordringar.

Qualifications

  • Bachelorutdanning i helse- eller sosialfag, gjerne med relevant vidareutdanning. Søkarar som er i gong med relevant vidareutdanning, vert òg oppmoda til å søkje.
  • Erfaring frå arbeid med personar med psykiske lidingar og/eller rusutfordringar er eit krav.
  • Førarkort klasse B er ønskjeleg.
  • Søkarar frå land utanfor Skandinavia må dokumentere gode norskkunnapar, både munnleg og skriftleg.

Responsibilities

  • Utgreiing, vurdering og behandling av pasientar med psykiske lidingar og rusavhengigheit

Education

Bachelorutdanning i helse- eller sosialfag

Job description

Seksjon Dag ved Indre Sogn psykiatrisenter har ledig 100% fast stilling som høgskuleutdanna behandlar med oppstart i januar 2027.
Anna oppstartstidspunkt kan avtalast.

Indre Sogn psykiatrisenter (ISP) er eit moderne distriktspsykiatrisk senter (DPS) med seksjonane Dag og Døgn. Seksjon Dag er ein psykiatrisk poliklinikk for personar over 18 år.

Hos oss møter du eit tverrfagleg fagmiljø med tilsette frå ulike profesjonar og fagområde. Vi legg stor vekt på samarbeid på tvers av kompetanse og funksjonar, og arbeider saman for å gi pasientane eit heilskapleg og kunnskapsbasert behandlingstilbod.
Poliklinikken tilbyr utgreiing og behandling til personar med psykiske lidingar og rusavhengigheit. Vi har òg behandlingstilbod til innsatte i fengsel og til eldre med psykiske lidingar og/eller kognitive utfordringar.

Vi har faste fag- og teammøte der erfaringar, informasjon og fagleg utvikling står sentralt. Dei tverrfaglege teama gir kvarandre støtte, rettleiing og motivasjon i det kliniske arbeidet. Det blir lagt til rette for kompetanseheving, og organisasjonen har eit tydeleg fokus på kunnskapsbasert praksis og fagleg utvikling.

Vertskommunen vår er Sogndal, og opptaksområdet omfattar om lag 30 000 innbyggjarar. Indre Sogn er kjent for storslått natur med fjord, fjell og varierte friluftsmoglegheiter året rundt. Her ligg det godt til rette for ein aktiv fritid, enten du trivst best på fjellet, på ski eller ved fjorden. Les meir om regionen.

  • Utgreiing, vurdering og behandling av pasientar med psykiske lidingar og rusavhengigheit
Kvalifikasjonar
  • Helse- eller sosialfagleg bachelorutdanning, gjerne med relevant vidareutdanning. Søkarar som er i gang med relevant vidareutdanning, vert òg oppmoda til å søkje.
  • Erfaring frå arbeid med personar med psykiske lidingar og/eller rusutfordringar er eit krav.
  • Førarkort klasse B er ønskjeleg.
  • Søkarar frå land utanfor Skandinavia må dokumentere gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
Personlege eigenskapar
  • Bidreg til eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Lønn etter gjeldande avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Varierte, utfordrande og meiningsfulle arbeidsoppgåver
  • Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
  • Eit fagleg sterkt miljø med engasjerte, dyktige og erfarne kollegaer

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning fra Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

H else Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innenfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Get your free, confidential resume review.

or drag and drop your file here.

Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Vikariat som lege i spesialisering (LIS2/3)
Vikariat som lege i spesialisering (LIS2/3)

Helse Stavanger • Sogndal

On-site
NOK 900,000 - 1,300,000
Vikariat som lege i spesialisering (LIS2/3)
Vikariat som lege i spesialisering (LIS2/3)

Helse Stavanger • Førde

On-site
NOK 700,000 - 900,000
Pensjonsordningar
Vikariat som lege i spesialisering (LIS2/3)
Vikariat som lege i spesialisering (LIS2/3)

Indre Sogn psykiatrisenter, Helse Førde • Sogndal

On-site
NOK 950,000 - 1,150,000
Løn i samsvar med gjeldande overeins­k
Psykologspesialist
Psykologspesialist

Helse Stavanger • Førde

On-site
NOK 700,000 - 1,000,000
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Sjukepleiarar
Sjukepleiarar

Helse Stavanger • Førde

On-site
NOK 520,000 - 640,000
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Sjukepleiar
Sjukepleiar

Helse Stavanger • Førde

On-site
NOK 520,000 - 640,000
Sjukepleiar/sjukepleiar med relevant vidareutdanning
Sjukepleiar/sjukepleiar med relevant vidareutdanning

Helse Stavanger • Førde

On-site
NOK 550,000 - 650,000
Lønn i samsvar med overeinskomst
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Høgskuleutdanna behandlar
Høgskuleutdanna behandlar

Helse Stavanger • Førde

On-site
NOK 520,000 - 640,000
Pensjonsordningar
Forsikringsordningar
Utviklingsmuligheiter
Vil du bli vår nye sjukepleiar? Vi søker deg!
Vil du bli vår nye sjukepleiar? Vi søker deg!

Helse Stavanger • Nordfjordeid

On-site
NOK 520,000 - 700,000
Sjukepleiar
Sjukepleiar

PSK døgn sikkerheit, Helse Førde • Førde

On-site
NOK 520,000 - 640,000
Personleg utvikling
Opplæring
Langvakter
+1