Get a reply from this employer — a resume and cover letter tailored to exactly what they’re hiring for.
Psykiatrisk klinikk sikkerheit tilbyr ein 100 % fast stilling som sjukepleiar i Førde/ Florø. Avdelinga kartlegg og handterer risiko for vald og gir psykiatrisk behandling i eit tverrfagleg miljø.
Stillinga krev norsk autorisasjon som sjukepleiar, gode språkkunnskapar og relevante vidareutdanningar. Turnus kan gi langvakter, og lønn etter avtale med hovudverksemda. Vi oppmodar kvalifiserte søkjarar frå alle delar av landet.
Psykiatrisk klinikk sikkerheit har ledig 100 % fast stilling for sjukepleiar, med oppstart etter avtale.
Psykiatrisk klinikk gir allmennpsykiatriske tenester til kommunane i Sunnfjord og Ytre Sogn. Klinikken har også sentralsjukehusoppgåver med plikt til å gi augeblikkeleg hjelp. Avdelinga har omlag 185 årsverk og er lokalisert i Førde og Florø.
Psykiatrisk klinikk sikkerheitbestår av ein sengepost og ein poliklinikk med ambulerande funksjon. Sengeposten har tre døgnplassar og er ein sengepost for personar med alvorleg sinnsliding, der det også er ein betydeleg risiko for vald. Avdelinga tar imot pasientar både på frivillig og tvungen psykisk helsevern, inkludert pasientar som har dom på overføring til tvungen psykisk helsevern. Ambulant sikkerhetsteam er eit poliklinisk tilbod til same pasientgruppa, og som per i dag følgjer opp 11 pasientar ute i eigen bustad/tiltak.
I tillegg til å gje psykiatrisk behandling vil nokre sentrale oppgåver vere å kartleggje, vurdere og handtere risiko for vald. Vårt mål er å gje pasientane moglegheit til auka meistring av eige liv i ulike fasar av sjukdommen, samstundes som vi ivaretek vårt ansvar for samfunnsvernet. Dette gjer vi gjennom fagleg behandling og arbeidsform der miljøterapeutisk rehabilitering vert vektlagt. I tillegg gir den fysiske utforminga av nytt sjukehusbygg ei god og sikker ramme for arbeidet.
PSK sikkerhet legg opp til en 50/50 kjønnsfordeling, der ein har minst to menn på kvart skift.
Personleg egnaheit vil bli vektlagt
Vi oppfordrer alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
H else Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.