Una candidatura completa en un minuto
Currículum y carta de presentación personalizados, listos para enviar.
Indre Sogn psykiatrisenter i Sogndal leverer eit tverrfagleg tilbod innan psykiatrisk poliklinikk for personar over 18 år. Seksjon Dag har 100% fast stilling som høgskuleutdanna behandlar med oppstart i januar 2027.
Anna oppstartstidspunkt kan avtalast. Vi legg vekt på samarbeid på tvers av profesjonar og gir eit heilskapleg behandlingstilbod innan utgreiing og behandling av psykiske lidingar og rusutfordringar.
Seksjon Dag ved Indre Sogn psykiatrisenter har ledig 100% fast stilling som høgskuleutdanna behandlar med oppstart i januar 2027.
Anna oppstartstidspunkt kan avtalast.
Indre Sogn psykiatrisenter (ISP) er eit moderne distriktspsykiatrisk senter (DPS) med seksjonane Dag og Døgn. Seksjon Dag er ein psykiatrisk poliklinikk for personar over 18 år.
Hos oss møter du eit tverrfagleg fagmiljø med tilsette frå ulike profesjonar og fagområde. Vi legg stor vekt på samarbeid på tvers av kompetanse og funksjonar, og arbeider saman for å gi pasientane eit heilskapleg og kunnskapsbasert behandlingstilbod.
Poliklinikken tilbyr utgreiing og behandling til personar med psykiske lidingar og rusavhengigheit. Vi har òg behandlingstilbod til innsatte i fengsel og til eldre med psykiske lidingar og/eller kognitive utfordringar.
Vi har faste fag- og teammøte der erfaringar, informasjon og fagleg utvikling står sentralt. Dei tverrfaglege teama gir kvarandre støtte, rettleiing og motivasjon i det kliniske arbeidet. Det blir lagt til rette for kompetanseheving, og organisasjonen har eit tydeleg fokus på kunnskapsbasert praksis og fagleg utvikling.
Vertskommunen vår er Sogndal, og opptaksområdet omfattar om lag 30 000 innbyggjarar. Indre Sogn er kjent for storslått natur med fjord, fjell og varierte friluftsmoglegheiter året rundt. Her ligg det godt til rette for ein aktiv fritid, enten du trivst best på fjellet, på ski eller ved fjorden. Les meir om regionen.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.