Stand out for this role — generate a tailored resume and cover letter in about a minute.
DPS Døgn psykose i Førde søker sjukepleiar med relevant vidareutdanning for eit 100% vikariat frå snarast til og med august 2027. Klinikken gir psykiske helsetilbod til Sunnfjord og Ytre Sogn, og fokuserer på utgreiing, behandling og rehabilitering med miljøterapi i eit inkluderande miljø.
Arbeidet omfattar sengepost, undervisning og vaktarbeid samt tverrfagleg samarbeid. Søkjar må ha norsk autorisasjon og gode språkkunnskapar; relevante vidareutdanningar blir vektlagt, men ikkje krav.
DPS Døgn psykose har ledig 100% vikariat for sjukepleiar/sjukepleiar med relevant vidareutdanning.
Vikariat frå snarast til og med august 2027.
Psykiatrisk klinikk gir allmennpsykiatriske tenester til kommunane i Sunnfjord/Ytre Sogn. Klinikken har også sentralsjukehusoppgåver med ØH plikt og tverrfagleg spesialisert ruseining. Avdelinga har om lag 185 årsverk og er lokalisert i Førde og Florø.
DPS Døgn psykosehar 8 døgnplassar og 1 brukarstyrt plass. Vi er ein open spesialisert post for pasientar med psykoselidingar. Vi tek imot pasientar frå Sunnfjord og Ytre Sogn. Hovudoppgåva er utgreiing, behandling og rehabilitering med fokus på miljøterapi.DPS Døgn psykose tek imot pasientar til både frivilleg og tvungen psykisk helsevern. Vi tilbyr ein lærerik arbeidskvardag i eit inkluderande arbeidsmiljø.
Søknadsfrist:
Sjukepleiar/sjukepleiar med relevant vidareutdanning
Vi oppfordrer alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste oppverifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanningfrå utlandet, legg ved godkjenning fra Direktoratet for høgare utdanning ogkompetanse.
H else Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald fra arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.