A complete application in a minute — tailored resume and cover letter, ready to send.
Indre Sogn psykiatrisenter søkjer lege i spesialisering (LIS2/3) til eit eittårig vikariat i perioden 01.03.2027 til 01.03.2028. Seksjonen Dag og Døgn tilbyr allmennpsykiatrisk poliklinikk og døgnområde, med fokus på alderspsykiatri og TSB-team.
Arbeidsstaden er Sogndal; regionsutvikling og gode trivselssituasjonar vert lagt vekt på. Løn følgjer gjeldande overeinskomst, og det blir oppmoda til å søkje gjennom Vitnemålsportalen ved behov for verifisering av vitnemål og karakterutskrifter.
Vi søkjer lege i spesialisering (LIS2/3) til eit eittårig vikariat i perioden 01.03.2027 til 01.03.2028.
Indre Sogn psykiatrisenter er eit moderne distriktspsykiatrisk senter (DPS) organisert i seksjonane Dag og Døgn. Seksjon Dag omfattar mellom anna allmennpsykiatrisk poliklinikk med spissa satsing på alderspsykiatri, jobbspesialistar og TSB-team. Seksjon Døgn har 13 sengeplassar og arbeider aktivt ut mot kommunane i opptaksområdet gjennom ambulant verksemd.
Vertskommunen er Sogndal, ein av få kommunar utenfor dei største byane som opplever sterk vekst. Eit variert arbeidsliv, gode utdanningsmoglegheiter og ein unik natur gjer regionen attraktiv for både arbeid og fritid. Her ligg tilhøva godt til rette for eit aktivt friluftsliv året rundt.
Vi oppfordrer alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning fra utlandet, legg ved godkjenning fra Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
H else Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbud innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.