Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Tysnes kommune søker ein engasjert helsesjukepleiar til 100 % fast stilling som helsesjukepleiar med fagansvar. Stillinga er ledig frå 1. januar 2027 og ligg til eining for helsefremmande og førebyggande tenester på rådshuset i Tysnes.
Stillinga er del av eit fagleg sterkt og inkluderande team som arbeider med førebygging, kvalitet og samordning av tenesta og rettleiing til kollegaer. Gode inertia vilkår og støttande arbeidsmiljø vektleggjer fagleg utvikling og samarbeid.
Tynes kommune søker ein engasjert helsesjukepleiar til 100 % fast stilling som helsesjukepleiar med fagansvar. Stillinga er ledig frå 1.januar 2027.
Stillinga er organisert i eining for helsefremmande og førebyggande tenester. Eininga er samansett av jordmor- og helsestasjonsteneste, ergo- og fysioteneste, samt psykiske helseteneste for barn, unge, familiar og vaksne. Førebyggande eining held til på rådhuset i Tysnes kommune.
Tysnes kommune har tidleg innsats og førebyggande arbeid i fokus. Kommunen er mellom anna ein BTI kommune. Stillinga består av førebyggande og helsefremmande arbeidi samsvar med nasjonale retningslinjer og inneheld oppgåver knytt til både klinisk arbeid, og ansvar for fagleg utvikling, kvalitet og samordning av tenesta.
Vi ønsker oss ein kollega som er oppteken av tidleg innsats, førebyggande arbeid og å styrke ressursane til barn og familiar. Hos oss får du ein variert og meiningsfull arbeidskvardag der du møter familiar i viktige fasar av livet og bidreg til å gi barn ein trygg og god start.
Du vil bli ein del av eit fagleg sterkt og inkluderande team som er opptekne av kvalitet, utvikling og tverrfagleg samarbeid, og som kvar dag arbeider for å skape best mogleg tenester for barna og familiane i Tysnes kommune.
Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga ved behov.
Tilfredsstillande politiattest må leggast fram før tiltreding, jf. helsepersonellova § 5. I denne stillinga krevst det òg at du leverer eigenerklæring for tuberkulose og MRSA før tiltreding.
Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt.
Vi tilbyr eit raust og inkluderande fellesskap med engasjerte kollegaer, stor breidde i kompetanse, og spennande og varierte oppgåver. Stillinga gjev gode moglegheiter til fagleg utvikling i eit tverrfagleg arbeidsmiljø.
Tilsetjing hos oss gjer deg medlemskap i KLP - Kommunal Landspensjonskasse. Det betyr blant anna at du får ein av dei beste pensjonsordningane i Noreg, samt høve til å søkja om bustadlån med gunstige vilkår. Les meir på KLP sine nettsider.
Du blir tilsett som helsesjukepleiar med fagansvar og får lønsplassering kapittel 4 i det kommunale regulativet. Ansiennitetstrinna går her frå 0-16 år. Løna blir justert årleg gjennom sentrale forhandlingar. Somme år vert det gjennom dei sentrale forhandlingane også tildelt ein pott til lokale justeringar.
I Tysnes kan du få inntil kr 25 000 i årleg avskriving av studielånet ditt fra og med 2026. Som arbeidstakar og busett i ein distriktskommune kan du ha rett til å få sletta deler av studielånet gjennom Lånekassen si nye ordning for distriktskommunar.
Tysnes kommune ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søke ledige stillingar uavhengig av kjønn, alder, funksjonsnedsetting eller fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Me ønsker å legge til rette for ei inkluderande rekruttering.
Draumen om livet på landet finn du på Tysnes!
Tysnes er ein sentralt plassert øykommune sør for Bergen. Her finn du dei same tilboda som i andre omkringliggande senter utenfor Bergen. Spør du oss, er dette den beste kommunen i verda å vekse opp i. Når me tel både store og små, er me om lag 3000 godlynte innbyggarar i Tysnes.
Kommunen er landfast med bru over Lukksund og har elles ferjesamband mot nord og sør.
Tysnes kommune har ca. 330 tilsette innan helse- og omsorg, skule og barnehage, tekniske tenester og offentleg administrasjon. Me er opptekne av å skape gode arbeidsplassar og gjere Tysnes til ein god stad å bu.