A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Medisinsk serviceseksjon ved Førde sentralsjukehus søkjer ei strukturert og serviceinnstilt helsesekretær/sekretær til å skape orden og flyt i ei travel kvardag. Stillinga krev god kapasitet til å følgje opp fleire oppgåver samtidig, med både administrative arbeidsoppgåver og pasientkontakt.
Hovudarbeidsoppgåver inkluderer elektronisk pasientsystem (DIPS Arena), pasientservice, timebestilling og telefonadministrasjon.
Vikariatet kan bli forlenga ved behov.
Vi søkjer ein strukturert og serviceinnstilt helsesekretær/sekretær som bidreg til å skape orden og flyt i ein travel kvardag.
Du har god kapasitet til å følgje opp fleire oppgåver samtidig og trivst med både administrative arbeidsoppgåver og pasientkontakt.
Medisinsk serviceseksjon har om lag 30 tilsette som utfører sekretætenester for dei kliniske avdelingane i medisinsk klinikk: hudavdeling, medisinsk avdeling, avdeling for barn og unge, nevrologisk avdeling, revmatologisk avdeling, kreftavdelinga og fysikalsk medisinsk poliklinikk.
Vi ser fram til å høyre frå deg.
Vi oppfordrer alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning fra Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Medisinsk serviceseksjon ved Førde sentralsjukehus har ledig 100 % vikariat som helsesekretær/sekretær i perioden 01.12.2026 - 31.05.2027.
Vikariatet kan bli forlenga ved behov.
Vi søkjer ein strukturert og serviceinnstilt helsesekretær/sekretær som bidreg til å skape orden og flyt i ein travel kvardag.
Du har god kapasitet til å følgje opp fleire oppgåver samtidig og trivst med både administrative arbeidsoppgåver og pasientkontakt.
Medisinsk serviceseksjon har om lag 30 tilsette som utfører sekretætenester for dei kliniske avdelingane i medisinsk klinikk: hudavdeling, medisinsk avdeling, avdeling for barn og unge, nevrologisk avdeling, revmatologisk avdeling, kreftavdelinga og fysikalsk medisinsk poliklinikk.
Vi ser fram til å høyre frå deg.
Vi oppfordrer alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning fra Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald fra arbeidslivet.Føretagsgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.