Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Helse Møre og Romsdal HF, Avdeling for sjukehuspsykiatri i Ålesund, utlyser eit 100% vikariat som helsesekretær/sekretær i Allmennpsykiatri.
Stillinga er knytt til Allmennpsykiatri med tett samarbeid med dei andre sekretærane. Arbeidsoppgåver inkluderer ekspedering i datasystem som Helseplattformen, Elements og SAP, samt skranke- og telefonsentraloppgåver, registreringar, dokumentasjon til klagesaker og lønskøyring. Start 01.12.2026, sluttdato 31.01.2028.
03.11.2026
1
Vikariat
100
5197252675
Helsesekretær/ sekretær Allmennpsykiatri Sunnmøre, Helse Møre og Romsdal HF
Avdeling for sjukehuspsykiatri tilbyr nye og spanande utfordringar i eit dynamisk og godt fagmiljø i merkantilt team.
Vi har ledig eit 100% vikariat i perioden 01.12.26- 31.01.28
Avdeling for sjukehuspsykiatri er lokalisert ved Ålesund sjukehus. Avdelinga består av 6 seksjonar: Lokal sikkerhetspsykiatri, Akutt psykisk helse, Psykose, Allmennpsykiatri, Alderspsykiatri og Spesialisert Habilitering. Vi er ei avdeling med ulike arbeidsfelt innan psykiatrien, der vi både har ein akuttfunksjon, og har planlagte behandlingsforløp.
Du vil verte ein del av et felles team som skal bidra til å løyse og dele faglege utfordringar i felleskap til beste for hele avdelinga.
Stillinga er for tida knytt til Allmennpsykiatri, men med tett samarbeid med dei andre sekretærane.
Allmennpsykiatri er ein open akuttpost med 14 sengeplassar. Dei aller fleste pasientane er innlagt via øyeblikkeleg hjelp, og er overført internt frå lukka akuttseksjon. Vi har fokus på eit individuelt tilpassa behandlingsopplegg for kvar enkelt pasient. Seksjonen har eit nært samarbeid med andre seksjonar i føretaket og med førstelinetenesta.
03.11.2026
Helse Møre og Romsdal HF
Helsesekretær/ sekretær
1
Heiltid
Vikariat
100
5197252675
01.12.2026
31.01.2028
Adresse: Ålesund Sykehus, Åsehaugen 5, 6017 Ålesund, Norge
Seksjonsleiar
E-post: Siri.Charlotte.Johnsen@helse-mr.no
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innen forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innen psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak fra offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal