Obtenez une réponse de cet employeur
Votre CV et votre lettre de motivation, adaptés exactement à ce que l’employeur recherche.
Helse Møre og Romsdal søkjer ein helsesekretær til å yte service og administrere arbeidsoppgåver ved sengepostar, ekspedisjonar og poliklinikk. Du blir ein del av eit fagleg sterkt miljø med fokus på kvalitet og samarbeid.
Vi søkjer etter deg som er sjølvstendig, serviceinnstilt og utadvendt, og som har evne til å handtere hektiske situasjonar. Autorisasjon som helsesekretær er ein fordel, men ikkje krav.
Har du lyst til å jobbe i ein spennande og hektisk bransje?
Vi ser etter deg som er sjølvstendig, serviceinnstilt og utadvendt, og som trivst med varierte arbeidsoppgåver og nye utfordringar. Hos oss blir du ein del av eit fagleg sterkt miljø med engasjerte og trivelege kollegaer.
Seksjonen vår yter tenester til sengepostar, ekspedisjonar, poliklinikkar og inntakskontor ved Medisinsk og Nevrologisk avdeling. Vi har ei sentral rolle i pasientforløpet og legg vekt på god service, kvalitet og samarbeid.
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiende rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.