Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Sengepost Nevrologi ved Helse Møre og Romsdal HF søkjerTilkallingsvikarar for sjukepleiarar og sjukepleiarstudentar ved nevrologisk avdeling. 5stillingar, deltidsstilling, tilkalling/timebasis, med moglegheit for fast helgevakt.
Du vil vere ein del av eit kompetent team som gir stell, pleie og observasjonar. God opplæring, tett oppfølging og moglegheit til fagleg utvikling ligg til rette for deg som vil arbeide i ei lærerik og engasjert arbeidsmiljø.
Tilkallingsvikarar for sjukepleiarar og sjukepleiarstudentar Nevrologisk sengepost, Helse Møre og Romsdal HF
Har du lyst på ein spennande og lærerik ekstrajobb? Er du sjukepleiarstudent og ønskjer å jobbe ved sida av studia? Eller er du sjukepleiar som ønskjer å prøve noko nytt? Kanskje nevrologi er fagområdet for deg?
Sengepost Nevrologi søkjer sjukepleiarstudentar og sjukepleiarar som ønskjer å vere tilkallingsvikarar hos oss. Som tilkallingsvikar kan du arbeide når vi har behov for deg, og når det passar for deg. Det kan òg bli aktuelt med ei fast helgevaktsavtale.
Sengepost Nevrologi er ein spennande seksjon med fagområda generell nevrologi og hjerneslag. Her tek vi imot pasientar både til planlagde innleggingar og som augeblikkeleg hjelp. Det nevrologiske fagområdet har fylkesdekkjande funksjon, og det går føre seg mykje spanande forsking innan fleire av fagområda våre.
Hos oss får du god opplæring og tett oppfølging. Du vil arbeide i team saman med erfarne sjukepleiarar og få moglegheit til å utvikle fagkunnskap og praktiske ferdigheiter i eit lærerikt og engasjert arbeidsmiljø.
Søknadsfrist 03.11.2026
Arbeidsgivar Helse Møre og Romsdal HF
Stad Hjelset
Stillingstittel Tilkallingsvikarar for sjukepleiarar og sjukepleiarstudentar
Stillingar 5
Heiltid / Deltid Deltid
Tilsetjingsform Tilkalling/Timebasis
Stillingsprosent 0
Webcruiter-ID 5194860867
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Møre og Romsdal har mykje å vise fram! Her er eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Opplev ville og vakre Sunnmørsalper i Volda, opera og klippfisk i Kristiansund, roser og jazz i Molde og jugendarkitektur i Ålesund. Regionen har et rikt kultur- og konsertliv med både nasjonale og internasjonale artistar, nærhet til flyplass og eit framoverlent næringsliv. Les meir om Møre og Romsdal her.
Adresse: Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR), Opdølvegen 4, 6450 Hjelset, Norge
Monika Bolsønes Knutsen
Seksjonsleiar
Telefon: +47 915 73041
E-post: Monika.Bolsones.Knutsen@helse-mr.no
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak fra offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Forside - Helse Møre og Romsdal