Helsesekretær med funksjon som driftskoordinator ved nytt legesenter i Knarvik

Stine Marøy Wolff

Knarvik

Vor Ort

NOK 600.000 - 800.000

Vollzeit

Vor 10 Tagen

Erhalte eine Antwort von diesem Arbeitgeber

Dein Lebenslauf und dein Anschreiben, genau auf das zugeschnitten, was gesucht wird.

Schaffe es an den ATS-Filtern vorbei

Benefits dieser Stelle

Gratis parkering
Pensjonsordning
Påvirke etablering

Zusammenfassung

Stine Marøy Wolff i Knarvik søker ein strukturert helsesekretær med funksjon som driftskoordinator til eit nyoppretta legesenter. Stillinga er fast 100% og dagtid frå kl. 08.00 til 15.30.

Du blir med frå starten, byggjer rutinar og koordinerer den daglege drifta i tett samarbeid med legane og annan helsepersonell. Arbeidet krev gode kommunikasjonsferdigheiter, evne til å ta initiativ og byggje eit trygt, effektivt og inkluderande arbeidsmiljø.

Qualifikationen

  • Du må ha norsk autorisasjon som helsesekretær
  • Minimum tre års relevant erfaring frå drift av legekontor
  • God digital kompetanse og interesse for journalsystem, kvalitetsystem og administrative verktøy
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
  • Fordeler dersom du har kjennskap til Infodoc, koordinering, telefontriagering, internkontroll/HMS

Aufgaben

  • Planleggje og følgje opp den daglege drifta i samråd med einingsleiar og assisterande einingsleiar
  • Koordinere og fordelje daglege oppgåver innanfor avklarte rammer og ut frå kompetansen i teamet
  • Bidra til å utarbeide, kvalitetssikre, oppdatere og innføre rutinar, prosedyrar og sjekklister
  • Leggje til rette for god pasientflyt og godt samarbeid mellom forkontoret og legane
  • Bidra til opplæring av nytilsette og vikarar
  • Melde frå til assisterande einingsleiar eller einingsleiar om utfordringar i drifta
  • Ha oversikt over ferie, kurs og fråvær
  • Delta i arbeid med internkontroll, HMS og kvalitetsforbetring
  • Følge opp administrative oppgåver som IKT, økonomirutinar og varebestilling
  • Delta i ordinære helsesekretæroppgåver som resepsjon, telefon, laboratoriearbeid og skiftestove

Kenntnisse

Digital kompetanse
Norskspråklig kommunikasjon
Koordinering

Ausbildung

Norsk autorisasjon som helsesekretær

Tools

Infodoc

Jobbeschreibung

Trivst du med ansvar, koordinering og ein kvardag der mykje skal fungere saman?

Då kan dette vere den rette stillinga for deg.

Vi søkjer ein strukturert, engasjert og erfaren helsesekretær til funksjonen som driftskoordinator ved nyoppretta legesenter i Knarvik i Alver.

Hos oss får du kombinere ordinære helsesekretær oppgåver med koordinering av den daglege drifta. Du får vere med frå starten når vi byggjer opp eit nytt legesenter og får høve til å påverke og forme både tenestene, arbeidsmåtane og kulturen frå starten av.

Om det nye legesenteret

Det nye legesenteret har fire fastlegeheimlar og held til i trivelege og funksjonelle lokale i Knarvik. Det er gratis parkering i kort gåavstand frå kontoret. Det er og god buss- og båt forbindelse til Bergen Sentrum.

Vi nyttar Infodoc journalsystem. På forkontoret tilsett vi helsesekretær, sjukepleier og driftskoordinator som koordinerer den daglege drifta i samarbeid med assisterande einingsleiar/einingsleiar

Legesenteret er i ein oppbyggingsfase, og saman skal vi etablere gode rutinar, arbeidsformer og ein trygg og inkluderande samarbeidskultur. I starten vil ikkje alt vere ferdig utvikla, og arbeidsmåtar og ansvarsdeling kan bli justerte undervegs. Vi ser derfor etter medarbeidarar som blir motiverte av å vere med og byggje opp noko nytt, tek initiativ og trivst med utvikling og endring. Hos oss får du høve til å påverke korleis vi organiserer arbeidsdagen, fordeler oppgåver, utviklar rutinar og byggjer arbeidsmiljøet heilt frå starten.

Vi legg vekt på kompetanseutvikling, godt tverrfagleg samarbeid og kontinuerleg kvalitetsforbetring.Målet er å tilby tilgjengelege og gode legetenester slik at pasientane kjenner seg velkomne og vert møtte med tryggleik, profesionalitet og god service.

Ledige legeheimlar vert kunngjort innan kort tid.

Om stillinga

Vi søkjer ein strukturert og engasjert helsesekretær med funksjon som driftskoordinator. Stillinga er fast i 100 %, med arbeidstid på dagtid frå kl. 08.00 til 15.30.

Driftskoordinatorfunksjonen utgjer om lag 30 % av stillinga. Resten av arbeidstida inngår du i den ordinære drifta som helsesekretær. Funksjonen inneber ikkje formelt leiaransvar eller leiarmynde, men omfattar koordinerande oppgåver som er delegerte av einingsleiinga.

Vi ser for oss oppstart av legesenteret våren 2027, truleg i april. For driftskoordinator kan det bli aktuelt med tidlegare oppstart for å bidra i etableringsarbeidet. Nærmare tidspunkt blir avtalt med den som blir tilsett. Intervju planlegg vi å gjennomføre før jul.

Som driftskoordinator får du ei nøkkelrolle i oppbyggingsfasen. Du skal bidra til god flyt, kvalitet og samhandling, og vere med på å etablere rutinar, arbeidsformer og struktur før og etter at legesenteret opnar.

Arbeidsdagane er varierte, og det må påreknast periodar med høgt tempo og mange samtidige oppgåver. I opningstida vil du både møte pasientar i resepsjonen, handtere telefonførespurnader og følgje opp koordinerande oppgåver som skal få drifta til å fungere godt.

Du rapporterer til assisterande einingsleiar eller einingsleiar, som har personalansvaret for dei tilsette.

Arbeidsoppgåver
  • planleggje og følgje opp den daglege drifta i samråd med einingsleiar og assisterande einingsleiar
  • koordinere og fordele daglege oppgåver innanfor avklarte rammer og ut frå kompetansen i teamet
  • bidra til å utarbeide, kvalitetssikre, oppdatere og innføre rutinar, prosedyrar og sjekklister
  • leggje til rette for god pasientflyt og godt samarbeid mellom forkontoret og legane
  • bidra til opplæring av nytilsette og vikarar etter gjeldande sjekklister og rutinar
  • melde frå til assisterande einingsleiar eller einingsleiar om utfordringar i drifta, avvik og behov for kompetanseheving eller avgjerder
  • ha oversikt over ferie, kurs, avspasering og anna fråvær
  • delta i arbeid med internkontroll, HMS og kvalitetsforbetring
  • følgje opp utvalde administrative oppgåver innan til dømes IKT, økonomirutinar, varebestilling, laboratoriedrift og systemadministrasjon
  • delta i ordinære helsesekretæroppgåver, mellom anna resepsjon, telefon, laboratoriearbeid og arbeid på skiftestove
Kvalifikasjonskrav

Du må ha:

  • norsk autorisasjon som helsesekretær
  • minimum tre års relevant erfaring frå drift av legekontor
  • god digital kompetanse og interesse for journalsystem, kvalitetsystem og administrative verktøy
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk

Der er ein fordel om du og har:

  • god forståing for drift av legekontor, pasientflyt og mellom ulike faggrupper
  • erfaring med å koordinere arbeidsoppgåver og utvikle rutinar
  • erfaring med Infodoc
  • erfaring med telefontriagering
  • erfaring med internkontroll, HMS eller kvalitetsarbeid
Kven er du?

Du har yrkesstoltheit og ønskjer å bidra til gode og trygge tenester for pasientane. Du er ansvarsbevisst, strukturert og påliteleg, og følgjer opp oppgåver til dei er gjennomførte.

Du blir motivert av å byggje opp og skape struktur i ei teneste som er under etablering. Du kan ta initiativ og drive oppgåver og prosessar framover, samtidig som du involverer kollegaer og avklarar ansvar med einingsleiinga.Du toler at ikkje alt er ferdig definert, og kan omsetje behov og utfordringar til praktiske rutinar og løysingar.

Du held ro og oversikt når situasjonen endrar seg, og tilpassar prioriteringane etter behova i drifta. Du samarbeider godt på tvers av fagområde, lyttar til andre og kommuniserer ope og respektfullt.

Du forstår skiljet mellom koordinering og leiing. Du kan vere tydeleg i den daglege oppfølginga uten å ta over oppgåver eller avgjerder som ligg til einingsleiinga.

Personlege eigenskapar vil bli lagde stor vekt på.

Politiattest

I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede

Me tilbyr
  • løn etter gjeldande hovudtariffavtale og funksjonstillegg som driftskoordinator etter gjeldande avtalar
  • god pensjonsordning
  • ei sentral rolle i oppbygginga og vidareutviklinga av eit nytt legesenter
  • reell påverknad på rutinar, arbeidsformer, pasientflyt og samarbeidskultur
  • varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg miljø
  • gratis parkering i kort gåavstand frå kontoret
Me er Alver

Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet!

Hol dir deinen kostenlosen, vertraulichen Lebenslauf-Check.

oder ziehe deine Datei hierhin.

Similar jobs

Ähnliche Jobs, die dir auch gefallen könnten

Helsesekretær i 100 % fast stilling ved nytt legesenter i Knarvik
Helsesekretær i 100 % fast stilling ved nytt legesenter i Knarvik

Stine Marøy Wolff • Knarvik

Vor Ort
NOK 420.000 - 520.000
Løn etter hovudtariffavtale
God pensjonsordning
Varierte og meiningsfulle oppgåver
+2
Helsesekretær med funksjon som driftskoordinator ved nytt legesenter i Knarvik
Helsesekretær med funksjon som driftskoordinator ved nytt legesenter i Knarvik

Alver kommune • Knarvik

Vor Ort
NOK 650.000 - 850.000
Gode pensjonsordningar
Gratis parkering
Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgå
+1
Sjukepleiar i 100% fast stilling ved nytt legesenter i Knarvik
Sjukepleiar i 100% fast stilling ved nytt legesenter i Knarvik

Stine Marøy Wolff • Knarvik

Vor Ort
NOK 650.000 - 750.000
Gratis parkering
God pensjonsordning
Påverke faglege rutinar og miljø
Vil du bruke kompetansen din til å byggje noko nytt?
Vil du bruke kompetansen din til å byggje noko nytt?

Alver kommune • Knarvik

Vor Ort
NOK 420.000 - 540.000
Helsesekretær i 100 % fast stilling ved nytt legesenter i Knarvik
Helsesekretær i 100 % fast stilling ved nytt legesenter i Knarvik

Alver kommune • Knarvik

Vor Ort
NOK 420.000 - 520.000
Gratis parkering
Variert arbeidsoppgåve
Påverke rutinar og samarbeidskultur
Sjukepleiar i 100% fast stilling ved nytt legesenter i Knarvik
Sjukepleiar i 100% fast stilling ved nytt legesenter i Knarvik

Alver kommune • Knarvik

Vor Ort
NOK 600.000 - 760.000
Løn etter hovudtariffavtale
Pensjonsordning
Muligheter til faglig utvikling
+2
Fast helgestilling - Habiliteringstenesta
Fast helgestilling - Habiliteringstenesta

pleiemedhjelper • Knarvik

Vor Ort
NOK 380.000 - 520.000
Positivt og inkluderande arbeidsmiljø
Eigen avløning for sjukepleie, vernepe
God pensjonsordning gjennom KLP
Helsesekretær
Helsesekretær

Bygdelegane på Voss AS • Voss

Vor Ort
NOK 290.000 - 357.000
Eit godt arbeidsmiljø
God opplæring
Varierte arbeidsdagar
+1
Bli med i Alver kommune som ass.einingsleiar! Støtt daglig drift og skap god trivsel.
Bli med i Alver kommune som ass.einingsleiar! Støtt daglig drift og skap god trivsel.

Alver kommune • Knarvik

Vor Ort
NOK 700.000 - 900.000
Tilkallingsvikar: Helsetun og Heimetenester
Tilkallingsvikar: Helsetun og Heimetenester

Marit Irene Aas Nesheim • Aurland

Vor Ort
NOK 320.000 - 460.000
Top-Standorte