Vil du bruke kompetansen din til å byggje noko nytt?

Alver kommune

Knarvik

Vor Ort

NOK 420.000 - 540.000

Vollzeit

Vor 7 Tagen
Sei unter den ersten Bewerbenden

Eine vollständige Bewerbung in einer Minute

Maßgeschneiderter Lebenslauf und Anschreiben – versandbereit.

Schaffe es an den ATS-Filtern vorbei

Zusammenfassung

Alver kommune søker ein autorisert helsesekretær til fast 100 % stilling ved eit nyoppretta legesenter i Knarvik. Arbeidet krev tilnærma dagtid frå 08.00–15.30, med oppstart våren 2027 og forventningar om utvikling og etablering av nye rutinar.

Du vil arbeide tett med legekontoret og andre kollegaer, med fokus på pasientflyt, kundeservice og kontinuerleg kvalitetsforbetring. Relevant erfaring og sterke norskkunnskapar er viktig for å skape trygg og profesjonell service.

Qualifikationen

  • Relevant erfaring frå legekontor, legevakt eller tilsvarande arbeidsoppgåver.
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.

Aufgaben

  • Ta imot, informere og rettlei pasientar og pårørande i resepsjonen, på telefon og gjennom digitale kanalar.
  • Vurdere og prioritere henvendingar på telefon og resepsjon med legevaktindeks som avgjerdsstøtteverktøy.
  • Handtere timebestillingar, reseptførespurnader og andre administrative førespurnader frå pasientar.
  • Bidra til opplæring av nytilsette og vikarar etter gjeldande sjekklister og rutiner.

Kenntnisse

Norskkunnskapar
Erfaring frå legekontor/legevakt

Ausbildung

Autorisert helsesekretær

Tools

Infodoc journalsystem

Jobbeschreibung

  • Søknadsfrist 29.11.2026
  • Arbeidstid på dagtid fra kl. 08.00 til 15.30
Vil du bruke kompetansen din til å byggje noko nytt?
Trivst du med ansvar, samarbeid og ein kvardag der ingen dagar er heilt like?

Då kan dette vere den rette stillinga for deg. Alver Kommune søkjer ein helsesekretær som ønskjer å vere med frå starten når vi byggjer opp eit nytt legesenter. Hos oss får du ein variert arbeidskvardag, tett samarbeid med kollegaer og høve til å bidra både i dagleg drift og i utviklinga av ein ny arbeidsplass.

Det nye legesenteret har fire fastlegeheimlar og held til i trivelege og funksjonelle lokale i Knarvik. Det er gratis parkering i kort gåavstand frå kontoret, og gode buss- og båtsamband til Bergen sentrum.

Vi nyttar Infodoc journalsystem. På forkontoret vil det vere tilsett helsesekretær, sjukepleiar og ein driftskoordinator som koordinerer den daglege drifta i samarbeid med assisterande einingsleiar/einingsleiar.

Legesenteret er i ein oppbyggingsfase, og saman skal vi etablere gode rutinar, arbeidsformer og ein trygg og inkluderande samarbeidskultur. I starten vil ikkje alt vere ferdig utvikla, og arbeidsmåtar og ansvarsdeling kan bli justerte undervegs. Vi ser derfor etter medarbeidarar som blir motiverte av å vere med og byggje opp noko nytt, tek initiativ og trivst med utvikling og endring. Hos oss får du høve til å påverke korleis vi organiserer arbeidsdagen, fordeler oppgåver, utviklar rutinar og byggjer arbeidsmiljøet heilt frå starten.

Vi legg vekt på kompetanseutvikling, godt tverrfagleg samarbeid og kontinuerleg kvalitetsforbetring. Målet er å tilby tilgjengelege og gode legetenester, slik at pasientane kjenner seg velkomne og blir møtte med tryggleik, profesionalitet og god service.

Om stillinga

Vi søkjer ein autorisert helsesekretær i 100 % fast stilling, med arbeidstid på dagtid frå kl. 08.00 til 15.30. Vi ser for oss oppstart våren 2027, truleg i april. Intervju er planlagde før jul.

Dersom behovet og dei økonomiske rammene tilseier det, kan det bli aktuelt å tilsetje fleire helsesekretærar i denne rekrutteringsprosessen.

Saman med kollegaene dine skal du bidra til god pasientflyt, gode rutinar og eit arbeidsmiljø prega av samarbeid, open kommunikasjon og gjensidig respekt, slik at pasientane kjenner seg velkomne og godt ivaretekne.

Arbeidsdagane er varierte, og det må påreknast periodar med høgt tempo og mange samtidige oppgåver. I opningstida vil du møte pasientar i resepsjonen, handtere telefonførespurnader og bidra til at kvardagen flyt godt for både pasientar, legar og kollegaer.

Einingsleiar og assisterande einingsleiar har personalansvaret for dei tilsette.

  • ta imot, informere og rettleie pasientar og pårørande i resepsjonen, på telefon og gjennom digitale kanalar
  • vurdere og prioritere henvendingar på telefon og resepsjon med legevaktindeks som avgjerdsstøtteverktøy
  • handtere timebestillingar, reseptførespurnader og andre administrative førespurnader frå pasientar
  • bidra til opplæring av nytilsette og vikarar etter gjeldande sjekklister og rutiner

Du må ha:

  • relevant erfaring frå legekontor, legevakt eller anna verksemd med tilsvarande arbeidsoppgåver
  • gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg

Det er og ein fordel om du har:

Vi ser etter deg som har yrkesstoltheit og ønskjer å vere med og byggje opp eit nytt legesenter med trygge og gode tenester for pasientane. Du er ansvarsbevisst, serviceinnstilt og trygg i fagrolla di.

Du blir motivert av å vere med og byggje opp ein ny arbeidsplass. Du tek initiativ, deler erfaringar og bidreg konstruktivt når arbeidsmåtar skal prøvast ut og justerast. Du trivst med at ikkje alt er ferdig definert frå starten, og bidreg til å skape tryggleik, struktur og eit godt arbeidsmiljø rundt deg.

Du kommuniserer tydeleg og tillitsskapande og møter pasientar og pårørande på ein roleg, respektfull og profesjonell måte. Du er serviceinnstilt og kan handtere ulike behov, forventningar og reaksjonar, også når det er travelt eller situasjonen er krevjande. Du arbeider godt både sjølvstendig og i team, deler kunnskap og tek ansvar for eiga fagleg utvikling.

Personlege eigenskapar vil bli lagde stor vekt på.

  • varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver
  • høve til å påverke rutinar, arbeidsformer og samarbeidskultur ved eit nytt legesenter
  • eit tverrfagleg arbeidsmiljø med vekt på kompetanseutvikling og kvalitetsforbetring
  • gratis parkering i kort gåavstand frå kontoret

Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet!

Alver kommune - Ein spennande organisasjon for engasjerte og kompetente medarbeidarar!

Velkomen til Alver kommune, ein kommune som har vakse til å bli ein av dei største kommunane i fylket. Med om lag 30 000 innbyggjarar og 2 700 dedikerte tilsette, har vi eit sterkt samfunn som søkjer å løyse utfordringar og utvikle seg vidare.

Vår plassering nord for Bergen gir oss privilegiet av ei variert og fascinerande natur. Frå rolege fjordar og opne havområde til majestetiske fjell og lokale toppar, byr Alver kommune på ei rekkje utandørs opplevingar. Vi er også stolte av å huse verdas beste korps og vere vertskap for eit rikt kulturliv.

Vi verdset meiningsfulle oppgåver og ser på kvar einaste medarbeidar som ein verdifull bidragsytar til vårt viktige samfunnsoppdrag. Som ein del av vårt team vil du få moglegheita til å engasjere deg og bruke din kompetanse til å forme framtida til vår kommune. Vi legg vekt på å skape eit arbeidsmiljø der du kan bløme og utvikle deg. Alver kommune har heiltidskultur som satsingsområde i heile organisasjonen.

Bli med på vårt eventyr i Alver kommune, der vi søkjer etter dedikerte og dyktige menneske som ønsker å vere ein del av vår felles suksesshistorie. Vi ser fram til å ønskje deg velkommen og gi deg ei meiningsfull og givande karriere hos oss.

Hol dir deinen kostenlosen, vertraulichen Lebenslauf-Check.

oder ziehe deine Datei hierhin.

Similar jobs

Ähnliche Jobs, die dir auch gefallen könnten

Helsesekretær i 100 % fast stilling ved nytt legesenter i Knarvik
Helsesekretær i 100 % fast stilling ved nytt legesenter i Knarvik

Alver kommune • Knarvik

Vor Ort
NOK 420.000 - 520.000
Gratis parkering
Variert arbeidsoppgåve
Påverke rutinar og samarbeidskultur
Helsesekretær med funksjon som driftskoordinator ved nytt legesenter i Knarvik
Helsesekretær med funksjon som driftskoordinator ved nytt legesenter i Knarvik

Alver kommune • Knarvik

Vor Ort
NOK 650.000 - 850.000
Gode pensjonsordningar
Gratis parkering
Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgå
+1
Sjukepleiar i 100% fast stilling ved nytt legesenter i Knarvik
Sjukepleiar i 100% fast stilling ved nytt legesenter i Knarvik

Stine Marøy Wolff • Knarvik

Vor Ort
NOK 650.000 - 750.000
Gratis parkering
God pensjonsordning
Påverke faglege rutinar og miljø
Helsesekretær i 100 % fast stilling ved nytt legesenter i Knarvik
Helsesekretær i 100 % fast stilling ved nytt legesenter i Knarvik

Stine Marøy Wolff • Knarvik

Vor Ort
NOK 420.000 - 520.000
Løn etter hovudtariffavtale
God pensjonsordning
Varierte og meiningsfulle oppgåver
+2
Sjukepleiar i 100% fast stilling ved nytt legesenter i Knarvik
Sjukepleiar i 100% fast stilling ved nytt legesenter i Knarvik

Alver kommune • Knarvik

Vor Ort
NOK 600.000 - 760.000
Løn etter hovudtariffavtale
Pensjonsordning
Muligheter til faglig utvikling
+2
Helsesekretær med funksjon som driftskoordinator ved nytt legesenter i Knarvik
Helsesekretær med funksjon som driftskoordinator ved nytt legesenter i Knarvik

Stine Marøy Wolff • Knarvik

Vor Ort
NOK 600.000 - 800.000
Gratis parkering
Pensjonsordning
Påvirke etablering
Fast helgestilling - Habiliteringstenesta
Fast helgestilling - Habiliteringstenesta

Alver kommune • Knarvik

Vor Ort
NOK 360.000 - 460.000
Anleggsgartner 100% fast
Anleggsgartner 100% fast

Alver kommune • Knarvik

Vor Ort
NOK 420.000 - 540.000
Pensjon og forsikring (KLP)
Fast jobb i studietida og fortsett som trainee
Fast jobb i studietida og fortsett som trainee

Alver kommune • Knarvik

Vor Ort
NOK 81.000 - 97.000
Pensjon og forsikring
Rådgjevar - 100% fast- Landbruk
Rådgjevar - 100% fast- Landbruk

Alver kommune • Frekhaug

Vor Ort
NOK 550.000 - 750.000
Top-Standorte