Sjukepleiar i 100% fast stilling ved nytt legesenter i Knarvik

Stine Marøy Wolff

Knarvik

On-site

NOK 650,000 - 750,000

Full time

10 days ago

Get a reply from this employer

Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.

Get past ATS filters

Benefits offered by this job

Gratis parkering
God pensjonsordning
Påverke faglege rutinar og miljø

Job summary

Stine Marøy Wolff i Knarvik søker ei autorisert sjukepleiar til eit nyopprett legesenter. Du får vere med frå starten, og bidra til trygge legetenester, pasientforløp og eit inkluderande arbeidsmiljø.

Arbeidsdagen er variert og start våren 2027, med oppstartspunkt og intervju før jul. Du må ha norsk autorisasjon, minimum tre års erfaring og god digital kompetanse.

Qualifications

  • Du må ha norsk autorisasjon som sjukepleiar.
  • Minimum tre års relevant erfaring frå legekontor, legevakt eller verksemd med tilsvarande arbeidsoppgåver.
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
  • God digital kompetanse.

Responsibilities

  • Arbeide på skiftestove.
  • Vurdere og prioritere førespurnader på telefon og resepsjon med legevaktindeks som avgjerdsstøtteverktøy.
  • Utføre laboratoriearbeid, mellom anna prøvetaking og analyse av prøvar.
  • Utføre delegerte oppgåver frå lege, til dømes avanserte sårskift, infusjonar, kateterskift og pasientoppfølging.
  • Delta i økonomirutinar og driftsoppgåver etter avtale med driftskoordinator.
  • Bidra til å etablere og vidareutvikle gode faglege prosedyrar, pasientforløp og arbeidsmåtar.
  • Delta i kvalitets-, forbetrings- og utviklingsarbeid ved legesenteret

Skills

Kommunikasjonsferdigheter
Samarbeid i team
Serviceinnstilt
Initiativ

Education

Norsk autorisasjon som sjukepleiar

Tools

Infodoc

Job description

Trivst du med fagleg ansvar, samarbeid og varierte arbeidsdagar?

Då kan dette vere den rette stillinga for deg.

Vi søkjer ein sjukepleiar som ønskjer å vere med frå starten når vi byggjer opp eit nytt legesenter. Hos oss får du bruke breidda i sjukepleiarfaget i ein variert arbeidskvardag med pasientkontakt, prosedyrar, laboratorieoppgåver og tett samarbeid med legar og helsesekretærar.


Om det nye legesenteret

Det nye legesenteret har fire fastlegeheimlar og held til i trivelege og funksjonelle lokale i Knarvik. Det er gratis parkering i kort gåavstand frå kontoret, og god buss- og båt samband til Bergen sentrum.

Vi nyttar Infodoc journalsystem. På forkontoret vil det vere tilsett helsesekretær, sjukepleiar og ein driftskoordinator som koordinerer den daglege drifta i samarbeid med assisterande einingsleiar/einingsleiar.

Legesenteret er i ein oppbyggingsfase, og saman skal vi etablere gode rutinar, arbeidsformer og ein trygg og inkluderande samarbeidskultur. I starten vil ikkje alt vere ferdig utvikla, og arbeidsmåtar og ansvarsdeling kan bli justerte undervegs. Vi ser derfor etter medarbeidarar som blir motiverte av å vere med og byggje opp noko nytt, tek initiativ og trivst med utvikling og endring. Hos oss får du høve til å påverke korleis vi organiserer arbeidsdagen, fordeler oppgåver, utviklar rutinar og byggjer arbeidsmiljøet heilt frå starten.

Vi legg vekt på kompetanseutvikling, godt tverrfagleg samarbeid og kontinuerleg kvalitetsforbetring. Målet er å tilby tilgjengelege og gode legetenester, slik at pasientane kjenner seg velkomne og blir møtte med tryggleik, profesjonalitet og god service.


Om stillinga

Vi søkjer ein autoriserte sjukepleiar i 100 % fast stilling, med arbeidstid på dagtid fra kl. 08.00 til 15.30, utan turnusarbeid. Vi ser for oss oppstart våren 2027, truleg i april. Intervju er planlagd gjennomført før jul.

Saman med kollegaene dine skal du bidra til trygge og gode legetenester, gode pasientforløp og eit arbeidsmiljø prega av samarbeid, open kommunikasjon og gjensidig respekt, slik at pasientane kjenner seg velkomne og godt ivaretekne.

Arbeidsdagane er varierte, og det må påreknast periodar med høgt tempo og mange samtidige oppgåver. I opningstida vil du møte pasientar både på telefon og ved oppmøte, gjere faglege vurderingar og bidra til at drifta flyt godt i ein arbeidskvardag som kan vere travel og til tider uføreseieleg.

Du får òg høve til å bidra til å utvikle sjukepleiarfaglege oppgåver, prosedyrar, pasientforløp og samarbeidsformer ved det nye legesenteret.

Einingsleiar og assisterande einingsleiar har personalansvaret for dei tilsette.


Arbeidsoppgåver
  • arbeide på skiftestove
  • vurdere og prioritere førespurnader på telefon og resepsjon med legevaktindeks som avgjerdsstøtteverktøy
  • utføre laboratoriearbeid, mellom anna prøvetaking og analyse av prøvar
  • utføre delegerte oppgåver frå lege, til dømes avanserte sårskift, infusjonar, kateterskift og pasientoppfølging
  • delta i økonomirutinar og driftsoppgåver etter avtale med driftskoordinator
  • bidra til å etablere og videreutvikle gode faglege prosedyrar, pasientforløp og arbeidsmåtar
  • delta i kvalitets-, forbetrings- og utviklingsarbeid ved legesenteret

Kvalifikasjonskrav

Du må ha:

  • norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • minimum tre års relevant erfaring fra legekontor, legevakt eller verksemd med tilsvarande arbeidsoppgåver,
  • gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
  • god digital kompetanse

Det er ein fordel om du har:

  • erfaring med Infodoc
  • erfaring med telefontriagering
  • erfaring frå laboratoriearbeid og akuttmedisinsk arbeid
  • gjennomført akuttkurs

Krav om politiattest

Den som blir tilsett, må leggje fram gyldig politiattest før tiltreding jf. helse- og omsorgstenestelova§ 5-4. Politiattesten skal ikkje leggjast ved søknaden.


Kven er du?

Vi ser etter deg som har yrkesstoltheit og ønskjer å vere med og byggje opp eit nytt legekontor med trygge og gode tenester for pasientane. Du er ansvarsbevisst, serviceinnstilt og trygg i fagrolla di. Samstundes er du open for at arbeidsmåtar og rutinar må utviklast og delast i lag med andre.

Du arbeider godt både sjølvstendig og i team, tek initiativ og bidreg når situasjonen krev det. Du kommuniserer ope og respektfullt og bidreg til eit trygt og inkluderande arbeidsmiljø. Du deler kunnskap, held deg fagleg oppdatert og tek ansvar for eiga utvikling. Det er naturleg for deg å lære av andre og bidra til at vi utviklar tenesta saman.

Vi ser etter deg som held oversikta når det er travelt, tek ansvar og hjelper til der behovet er størst. Du trivst med samarbeid og ønskjer å bidra til eit godt arbeidsmiljø, og du deler fagkunnskap med dine kollegaer.

Personlege eigenskapar vil bli lagde stor vekt på.


Vi tilbyr
  • løn etter gjeldande hovudtariffavtale
  • stillinga blir lønna i tråd med gjeldande lønnsnivå for sjukepleiarar i Alver kommune, som per i dag ligg kr 10 000 over minstelønsgarantien i hovudtariffavtalen til KS
  • god pensjonsordning
  • høve til å bruke og videreutvikle brei sjukepleiefagleg kompetanse
  • høve til å påverke faglege rutinar, arbeidsformer og samarbeidskultur ved eit nytt legesenter
  • varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver
  • gratis parkering i kort gåavstand frå kontoret

Me er Alver

Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet! Sjå filmen vår og bli betre kjend med kommunen, arbeidsplassane våre og kva det er som gjer Alver til ein god stad å arbeide og bu.

Get your free, confidential resume review.

or drag and drop your file here.

Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Helsesekretær i 100 % fast stilling ved nytt legesenter i Knarvik
Helsesekretær i 100 % fast stilling ved nytt legesenter i Knarvik

Stine Marøy Wolff • Knarvik

On-site
NOK 420,000 - 520,000
Løn etter hovudtariffavtale
God pensjonsordning
Varierte og meiningsfulle oppgåver
+2
Vil du bruke kompetansen din til å byggje noko nytt?
Vil du bruke kompetansen din til å byggje noko nytt?

Alver kommune • Knarvik

On-site
NOK 420,000 - 540,000
Helsesekretær med funksjon som driftskoordinator ved nytt legesenter i Knarvik
Helsesekretær med funksjon som driftskoordinator ved nytt legesenter i Knarvik

Stine Marøy Wolff • Knarvik

On-site
NOK 600,000 - 800,000
Gratis parkering
Pensjonsordning
Påvirke etablering
Sjukepleiar i 100% fast stilling ved nytt legesenter i Knarvik
Sjukepleiar i 100% fast stilling ved nytt legesenter i Knarvik

Alver kommune • Knarvik

On-site
NOK 600,000 - 760,000
Løn etter hovudtariffavtale
Pensjonsordning
Muligheter til faglig utvikling
+2
Helsesekretær i 100 % fast stilling ved nytt legesenter i Knarvik
Helsesekretær i 100 % fast stilling ved nytt legesenter i Knarvik

Alver kommune • Knarvik

On-site
NOK 420,000 - 520,000
Gratis parkering
Variert arbeidsoppgåve
Påverke rutinar og samarbeidskultur
Helsesekretær med funksjon som driftskoordinator ved nytt legesenter i Knarvik
Helsesekretær med funksjon som driftskoordinator ved nytt legesenter i Knarvik

Alver kommune • Knarvik

On-site
NOK 650,000 - 850,000
Gode pensjonsordningar
Gratis parkering
Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgå
+1
Anleggsgartner 100% fast
Anleggsgartner 100% fast

Alver kommune • Knarvik

On-site
NOK 420,000 - 540,000
Pensjon og forsikring (KLP)
Sjukepleiarstilling ved Såta bu- og servicesenter - 100%
Sjukepleiarstilling ved Såta bu- og servicesenter - 100%

Karina Olsvold • Knarvik

On-site
NOK 410,000 - 450,000
Årsturnus
Minstelønnsgaranti til KS ≈ 10 000 NOK
Fast helgestilling - Habiliteringstenesta
Fast helgestilling - Habiliteringstenesta

Alver kommune • Knarvik

On-site
NOK 360,000 - 460,000
Fast jobb i studietida og fortsett som trainee
Fast jobb i studietida og fortsett som trainee

Alver kommune • Knarvik

On-site
NOK 81,000 - 97,000
Pensjon og forsikring
Top locations