A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Alver kommune i Knarvik søkjer autorisert sjukepleiar til 100% fast stilling ved nyoppretta legesenter. Stillinga gir varierte arbeidsoppgåver med pasientkontakt, prosedyrar, laboratorieoppgåver og tett samarbeid med legar og helsesekretærar.
Du vil vere med frå starten, byggje opp rutinar og arbeidsmåtar, og vere ein sentral del av eit nyoppretta legesenter med fokus på kvalitet og pasientforløp. Arbeidsdagen vil vere dyktig og krevjande, men prega av tverrfagleg samarbeid og god
Stillingstittel Sjukepleiar i 100% fast stilling ved nytt legesenter i Knarvik
Då kan dette vere den rette stillinga for deg.
Vi søkjer ein sjukepleiar som ønskjer å vere med frå starten når vi byggjer opp eit nytt legesenter. Hos oss får du bruke breidda i sjukepleiarfaget i ein variert arbeidskvardag med pasientkontakt, prosedyrar, laboratorieoppgåver og tett samarbeid med legar og helsesekretærar.
Det nye legesenteret har fire fastlegeheimlar og held til i trivelege og funksjonelle lokale i Knarvik. Det er gratis parkering i kort gåavstand frå kontoret, og god buss- og båt samband til Bergen sentrum.
Vi nyttar Infodoc journalsystem. På forkontoret vil det vere tilsett helsesekretær, sjukepleiar og ein driftskoordinator som koordinerer den daglege drifta i samarbeid med assisterande einingsleiar/einingsleiar.
Legesenteret er i ein oppbyggingsfase, og saman skal vi etablere gode rutinar, arbeidsformer og ein trygg og inkluderande samarbeidskultur. I starten vil ikkje alt vere ferdig utvikla, og arbeidsmåtar og ansvarsdeling kan bli justerte undervegs. Vi ser derfor etter medarbeidarar som blir motiverte av å vere med og byggje opp noko nytt, tek initiativ og trivst med utvikling og endring. Hos oss får du høve til å påvirke korleis vi organiserer arbeidsdagen, fordeler oppgåver, utviklar rutinar og byggjer arbeidsmiljøet heilt frå starten.
Vi legg vekt på kompetanseutvikling, godt tverrfagleg samarbeid og kontinuerleg kvalitetsforbetring. Målet er å tilby tilgjengelege og gode legetenester, slik at pasientane kjenner seg velkomne og blir møtte med tryggleik, profesjonalitet og god service.
Vi søkjer ein autoriserte sjukepleiar i 100 % fast stilling, med arbeidstid på dagtid frå kl. 08.00 til 15.30, utan turnusarbeid. Vi ser for oss oppstart våren 2027, truleg i april. Intervju er planlagd gjennomført før jul.
Saman med kollegaene dine skal du bidra til trygge og gode legetenester, gode pasientforløp og eit arbeidsmiljø prega av samarbeid, open kommunikasjon og gjensidig respekt, slik at pasientane kjenner seg velkomne og godt ivaretekne.
Arbeidsdagane er varierte, og det må påreknast periodar med høgt tempo og mange samtidige oppgåver. I opningstida vil du møte pasientar både på telefon og ved oppmøte, gjere faglege vurderingar og bidra til at drifta flyt godt i ein arbeidskvardag som kan vere travel og til tider uføreseieleg.
Du får òg høve til å bidra til å utvikle sjukepleiarfaglege oppgåver, prosedyrar, pasientforløp og samarbeidsformer ved det nye legesenteret.
Einingsleiar og assisterande einingsleiar har personalansvaret for dei tilsette.

Den som blir tilsett, må leggje fram gyldig politiattest før tiltreding jf. helse- og omsorgstenestelova§ 5-4. Politiattesten skal ikkje leggjast ved søknaden.
Vi ser etter deg som har yrkesstoltheit og ønskjer å vere med og byggje opp eit nytt legekontor med trygge og gode tenester for pasientane. Du er ansvarsbevisst, serviceinnstilt og trygg i fagrolla di. Samstundes er du open for at arbeidsmåtar og rutinar må utviklast og delast i lag med andre.
Du arbeider godt både sjølvstendig og i team, tek initiativ og bidreg når situasjonen krev det. Du kommuniserer ope og respektfullt og bidreg til eit trygt og inkluderande arbeidsmiljø. Du deler kunnskap, held deg fagleg oppdatert og tek ansvar for eiga utvikling. Det er naturleg for deg å lære av andre og bidra til at vi utviklar tenesta saman.
Vi ser etter deg som held oversikta når det er travelt, tek ansvar og hjelper til der behovet er størst. Du trivst med samarbeid og ønskjer å bidra til eit godt arbeidsmiljø, og du deler fagkunnskap med dine kollegaer.
Personlege eigenskapar vil bli lagde stor vekt på.
Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet! Sjå filmen vår og bli betre kjend med kommunen, arbeidsplassane våre og kva det er som gjer Alver til ein god stad å arbeide og bu.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune
Alver kommune - Ein spennande organisasjon for engasjerte og kompetente medarbeidarar!
Velkomen til Alver kommune, ein kommune som har vakse til å bli ein av dei største kommunane i fylket. Med om lag 30 000 innbyggjarar og 2 700 dedikerte tilsette, har vi eit sterkt samfunn som søkjer å løyse utfordringar og utvikle seg vidare.
Vår plassering nord for Bergen gir oss privilegiet av ei variert og fascinerande natur. Frå rolege fjordar og opne havområde til majestetiske fjell og lokale toppar, byr Alver kommune på ei rekkje utandørs opplevingar. Vi er også stolte av å huse verdas beste korps og vere vertskap for eit rikt kulturliv.
Vi verdset meiningsfulle oppgåver og ser på kvar einaste medarbeidar som ein verdifull bidragsytar til vårt viktige samfunnsoppdrag. Som ein del av vårt team vil du få moglegheita til å engasjere deg og bruke din kompetanse til å forme framtida til vår kommune. Vi legg vekt på å skape eit arbeidsmiljø der du kan bløme og utvikle deg. Alver kommune har heiltidskultur som satsingsområde i heile organisasjonen.
Bli med på vårt eventyr i Alver kommune, der vi søkjer etter dedikerte og dyktige menneske som ønsker å vere ein del av vår felles suksesshistorie. Vi ser fram til å ønskje deg velkommen og gi deg ei meiningsfull og givande karriere hos oss.
Helsesekretær - 100 % fast stilling ved nyoppretta legesenter i Knarvik
Driftskoordinator i 100% fast stilling ved nyoppretta legesenter Knarvik
Sjukepleiar - 100 % Såta bu- og servicesenter