Stand out for this role — generate a tailored resume and cover letter in about a minute.
Årdal kommune Pleie og omsorg søkjer etter ein heimehjelpar som vil gje praktisk bistand og helsehjelp til eldre i heimane deira. Stillinga er 80% fast med utsikter til utviding til 100% ved behov, og krev norsk autorisasjon som hjelpepleiar/helsefagarbeidar.
Du vil arbeide sjølvstendig og i tett samarbeid med kollegaer, og vere med i eit kartleggingsteam som formar måtar å hjelpe brukarane betre på. Arbeidsdagane går dagtid og kan gå i Årdalstangen og Øvre Årdal.
Statsråd Evensensveg 4, 6885 Årdalstangen
Ynskjer du ein jobb der du verkeleg betyr noko for andre menneske? Er du glad i å møte folk, skape gode relasjonar og gjere kvardagen litt enklare og tryggare for dei som treng det? Då kan ei stilling som heimehjelpar i Årdal kommune vere nettopp det du ser etter.
Me har no ledig ei 80 % fast stilling som heimehjelpar (stillinga kan bli utvida til 100% på sikt ved andre avgangar).Til denne stillinga ser me etter deg som er autorisert hjelpepleiar/helsefagarbeidar, då arbeidet vil innebere både praktisk bistand og helsehjelp.
Som heimehjelpar får du ei viktig rolle i å hjelpe eldre innbyggjarar med å meistre kvardagen og halde fram eit sjølvstendig og trygt liv i eigen heim. Du blir ein del av kvardagen til menneske som set pris på både hjelpa, tryggleiken og den gode kontakten du bidreg med.
Stillinga kan også innehalde praktiske oppgåver og helsehjelp på sjukeheim.
Den som vert tilsett vil også bli ein del av eit kartleggingsteam som er under utvikling. Gjennom dette arbeidet vil du vere med på å kartlegge kva behov brukarane har, og bidra til at dei får rett hjelp og oppfølging. Sidan teamet er under utvikling, vil du også få høve til å bidra i utforminga av korleis me skal arbeide framover.
Me ser etter deg som trivst i møte med menneske og som har eit varmt engasjement for å hjelpe andre. Du ser den enkelte sine behov og ressursar og er oppteken av å bidra til at brukarane kan oppleve tryggleik og meistring i eigen kvardag.
Du tek ansvar for eigne oppgåver og trivst med å arbeide sjølvstendig, samtidig som du samarbeider godt med kollegaer og andre faggrupper.
Me ynskjer at du:
Personlege eigenskapar og at du er eigna for arbeidet vil bli tillagt stor vekt.

Arbeidsoppgåvene vil vere varierte og tilpassa behova til den enkelte brukar. Du vil mellom anna utføre praktisk bistand i heimen og naudsynt helsehjelp, og arbeidet gir rom for både sjølvstendig ansvar og samarbeid med andre.
Den som vert tilsett vil også bli ein del av eit kartleggingsteam som er under utvikling. Gjennom dette arbeidet vil du vere med på å kartlegge kva behov brukarane har, og bidra til at dei får rett hjelp og oppfølging. Sidan teamet er under utvikling, vil du også få høve til å bidra i utforminga av korleis me skal arbeide framover.
Arbeidsdagen vil vere på dagtid og kan gå føre seg både i Øvre Årdal og på Årdalstangen.
Me ser etter deg som trivst i møte med menneske og som har eit varmt engasjement for å hjelpe andre. Du ser den enkelte sine behov og ressursar og er oppteken av å bidra til at brukarane kan oppleve tryggleik og meistring i eigen kvardag.
Du tek ansvar for eigne oppgåver og trivst med å arbeide sjølvstendig, samtidig som du samarbeider godt med kollegaer og andre faggrupper.
Me ynskjer at du:
Personlege eigenskapar og at du er eigna for arbeidet vil bli tilgit stor vekt.
Erfaring frå heimetenesta, eldreomsorg eller liknande arbeid er ein fordel, men ikkje eit krav.
I Årdal kommune blir du del av eit arbeidsmiljø der me tek vare på kvarandre og spelar kvarandre gode. Du får god opplæring og støtte frå erfarne kollegaer, slik at du kjenner deg trygg i rolla.
Stillinga gir deg ein variert arbeidskvardag der du får brukt den helsefaglege kompetansen din, samtidig som du får vere tett på menneske og bidra til at dei kan meistre kvardagen i eigen heim.
Andre opplysninger:
- Den statlege ordninga med