An application made for this job — a tailored resume and cover letter that speak straight to the posting.
Vinje kommune søkjer engasjert helsefagarbeidar til ei 100% fast stilling ved Vinje sjukeheim. Du blir ein del av eit inkluderande fagmiljø som legg vekt på livskvalitet, tryggleik og meiningsfulle dagar for bebuarane.
Vi tilbyr god opplæring, støtte frå erfarne kollegaer og moglegheit til fagleg utvikling i eldreomsorg og demensomsorg. Arbeidsstaden ligg i Vinje kommune, med små grupper og fleksible turnusar.
Vil du ha ein jobb der du gjer ein forskjell kvar dag, utviklar deg fagleg og der me har fokus på eit inkluderande arbeidsmiljø?
Vinje sjukeheim søkjer ein engasjert helsefagarbeidar i 100 % fast stilling. Hos oss får du ein variert og meiningsfull arbeidskvardag der du er med på å skape tryggleik, meistring og gode opplevingar for bebuarane våre.
Ved Vinje sjukeheim er me opptekne av å sjå den enkelte bebuar. Me legg vekt på livskvalitet og gode relasjonar. Kvar dag jobbar me for å skape ein trygg og meiningsfull kvardag for bebuarane gjennom omsorg, fagleg kvalitet og aktivitetar som gir glede og meistring. Som medarbeidar hos oss blir du ein del av eit inkluderande fagmiljø der dine idear og meiningar blir hørt.
Du får god opplæring, støtte frå erfarne kollegaer og moglegheit til å utvikle kompetansen din innan eldreomsorg og demensomsorg. Me nyttar årsturnus, noko som gir deg stor grad av fleksibilitet og innverknad på eigen arbeidskvardag. Saman skaper me ikkje berre gode dagar for bebuarane våre, men også ein arbeidsplass der folk trivst, utviklar seg og blir verande.
Langtidsavdelinga har 25 rom fordelt på tre grupper. To av gruppene er tilpassa personar med demens, og ei gruppe er ei somatisk langtidsavdeling.
Me legg vekt på personlege eigenskapar ved tilsetjing.
Vinje kommune nyttar nynorsk som offisielt skriftspråk. I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
For stillingar der det er krav om politiattest, må godkjend attest leggast fram før tilsetting.
Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Bur du i Vinje kommune kan du søkje om å få sletta studielånet. Sjå lånekassa for vilkår.
Hanne Kristin Finkenhagen,Avselingsleiar langtidsavdelinga,+47 99 25 16 24, hanne.kristin.finkenhagen@vinje.kommune.no
Vinjevegen 212
3890Vinje
Arbeidsgivar: Vinje kommune
Referansenr.: 5155614376
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.10.2026
Søknadsfrist: 27.09.2026
Med sitt store areal har kommunen rikeleg med tumleplass, der dei kontrastfylte årstidene på mange vis legg premissane for det breie utvalet av friluftsaktivitetar.
Åmot er eit regionalt handelssenter, med eit rikt tilbod av varer og private og offentlege tenester. Haukeli og Rauland er fjellbygder som er sentra i attraktive turistområde. Øyfjell er ei levande bygd, med oppvekstsenter og grendehus.
Heimetenesta avdeling Rauland, Vinje kommune