Turn this role into an interview — a resume and cover letter built around what this employer wants.
Vinje kommune søker helsefagarbeidar til heimetenesta i Rauland. Vi har eit 100% vikariat i eit år og eit 80% vikariat fram til mars 2027, med arbeid i heimebuande og omsorgsbustadar.
Du vert ein del av eit inkluderande, fagleg sterkt miljø med fokus på kvalitet, tryggleik og pasientomsorg. Nyutdanna får god opplæring og tett oppfølging, og erfarne får moglegheit til å påverke utviklinga av tenesta.
Vil du bruke kompetansen din der du verkeleg betyr noko for andre – samtidig som du får ei aktiv og innhaldsrik fritid?
Me har ledig 180% helsefagarbeider på den flotte arbeidsplassen vår:
I heimetenesta på Rauland får du ein variert og meiningsfull arbeidskvardag, der du møter menneske i ulike livssituasjonar og byggjer relasjonar. Hos oss er ingen dagar heilt like, og du får vere med på å gjere ein forskjell for brukarane kvar dag. Heimetenesta på Rauland gir heilskaplege helse- og omsorgstenester til både heimebuande i eigne bustader og omsorgsbustader, samt bebuarar ved omsorgssenteret, som har opptil 15 plassar. Dette gir stor fagleg variasjon og spennande utfordringar i kvardagen.
Me arbeider tett saman i eit inkluderande og fagleg sterkt miljø, der kvalitet, tryggleik og respekt for den enkelte står i sentrum. Du får ansvar og tillit, men står aldri åleine. Er du nyutdanna, får du god opplæring, tett oppfølging og rom til å vekse inn i rolla. Er du erfaren, får du moglegheit til å bruke kompetansen din aktivt, påverke utviklinga av tenesta og bidra til fagleg utvikling i organisasjonen.
Stillinga inngår i årsturnus med dag-, kveld- og helgevakter. Ved interne rokkeringar tilset ein også i desse.
Det kan bli moglegheit for forlenging av vikariat og eventuelt fast ansettelse avhengig av avdelinga sitt behov framover.
Drøymer du om ein arbeidskvardag med kort veg til ski, toppturar, sykling, padling og store naturopplevingar? På Rauland får du både faglege utfordringar og høg livskvalitet utenfor arbeidstid.
Me legg vekt på personlege eigenskapar ved tilsetjing.
Vinje kommune nyttar nynorsk som offisielt skriftspråk.
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Det er krav om politiattest og godkjend attest må leggast fram før tilsetting.
Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Bur du i Vinje kommune kan du søkje om å få sletta studielånet, les meir på lanekassen.no.