Get a reply from this employer — a resume and cover letter tailored to exactly what they’re hiring for.
Vinje kommune søker engasjerte og omsorgsfulle medarbeidarar til helgestillingar ved Sjukeheimen langtidsavdeling. Du får ei meiningsfull jobb der du bidrar til tryggleik og gode opplevingar for bebuarar.
Arbeidet passar for deg som er student, elev eller ønskjer verdifull erfaring innan helse- og omsorgstenesta, med vekslande vakter og helgearbeid.
Sjukeheimen langtidsavdeling, Vinje kommune
Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Vil du vere med og skape gode dagar for våre bebuarar?
Vinje sjukeheim søkjer engasjerte og omsorgsfulle medarbeidarar til helgestillingar. Hos oss får du ein meiningsfull jobb der du gjer ein viktig forskjell i kvardagen til menneske som treng omsorg, tryggleik og gode opplevingar. Du vil jobbe saman med dyktige kollegaer, og me legg til rette for læring, samarbeid og fagleg utvikling. Helgestillinga hjå oss passer godt for deg som er student, elev eller ynskjer verdifull erfaring innan helse- og omsorgstenesta.
Sjukeheimen består av ein langtidsavdeling med 34 bebuarar og ei korttidsavdeling med 9 rom. Langtidsavdelinga er dela inn i tre grupper, der to av gruppene er særleg tilpassa personar med demens.
Me har helgestillingar med ulik stillingsstorleik, med arbeid kvar annan eller tredje helg, med vakter fredag til sundag, eller laurdag til sundag.