Get more replies from employers
Send a job-specific resume in minutes.
Øygarden kommune i Vestland fylke søker en faglig engasjert medarbeidar til ei full stilling ved avdelinga for psykisk helse og rus. Du vil bidra i eit døgnbemanna bustadmiljø og tilby naudsynt og kvalitativt gode tenester til brukarane i samsvar med lovverk og vedtak.
Arbeidsoppgåvene inkluderer rettleiing, praktisk bistand, nettverksarbeid, koordinering av tenestetilbod og utarbeiding/oppfølging av individuell plan.
Ved Psykiatribustader, Blombakkane er det ledig 100% fast stilling. Boligen er lokalisert på Straume.
Ved Psykiatribustader, Blombakkane er det ledig 100% fast stilling. Boligen er lokalisert på Straume.
Avdeling Psykisk helse og rus i Øygarden kommune ligg under kommunalsjefområde Helse og Velferd. Avdelinga yter differensierte tenester til personar med utfordringar knytt til psykisk helse og/eller rus. Den ledige stillinga er knytt til eit døgnbemanna bustad med brukare som bur- og eller får oppfølging fra bustaden.
Vi kan tilby ein variert arbeidskvardag i eitt spennande og godt fagmiljø, der du får god nytte av di faglege kompetanse og der ein gjennom samarbeid med den einskilde, og aktuelle samarbeidsinstansar kan tilby naudsynte og kvalitativt gode tenester.
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Avdelingsleiar Beate Golten tlg 94020443
Einingsleiar Therese Helgesen tlf 91529795
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak fra innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjøl om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.