An application made for this job — a tailored resume and cover letter that speak straight to the posting.
Øygarden kommune søker kommunepsykolog til Familiehjelpa, eit lågterskeltilbod for barn, unge og familiar. Du blir del av eit psykologfellesskap på fire psykologar og vil jobbe tett med andre kommunale tenester, skule og helsestasjon for å styrke psykisk helse hos barn og unge i kommunen.
Arbeidet inkluderer samtalar og behandling av barn og unge, rettleiing av føresette og tilsette, og planlegging av gruppetilbod.
Familiehjelpa er eit lågterskeltilbod for barn, unge og familiar som opplever psykiske eller relasjonelle utfordringar. Tenesta arbeider førebyggjande og behandlande, og legg vekt på tidleg innsats og tilgjengeleg hjelp.
Familiehjelpa samarbeider tett med helsestasjon, barnehage, skule og andre kommunale tenester for å gi heilskapleg oppfølging til barn, unge og føresette. Hos oss vil du bli del av eit tverrfagleg fagmiljø med engasjerte og kompetente kollegaer som arbeider saman for å styrke psykisk helse hos barn og unge i kommunen.
Som kommunepsykolog i Familiehjelpa vert du ein del av eit psykologfellesskap med til saman fire psykologar. Psykologane arbeider tett saman med resten av eininga i det førebyggjande arbeidet retta mot barn og unge i Øygarden.

Norsk psykologautorisasjon
Gode samarbeidsevner og interesse for tverrfagleg arbeid
Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert
Engasjement for førebyggjande arbeid og tidleg innsats
Personleg eignaheit vil bli vektlagt
Anna:
Stillinga er 100% fast
Einingsleiar Annette Henden mobil 977 06 783
Øygarden kommuneønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak fra innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.