Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Digitaliseringsdirektoratet (Digdir) søkjer utviklarar til vår MobilApp-satsing. Du blir med i eit produktteam som jobbar med framtidas digitale løysingar, og får ansvar for heile livssyklusen frå idé til produksjon og vidareutvikling i tverrfaglege team.
Arbeidet krev kunnskap om native mobilapplikasjonar (Android/iOS) og erfaring med Jetpack Compose/SwiftUI. Stillinga er primært plassert i Leikanger/Sogndal med moglegheit for å arbeid frå Brønnøysund eller Oslo.
Lyst å være ein del av vår satsing på MobilApp i produktteam som jobbar med framtidas digitale løysingar?
Som utviklar i vår avdeling blir du med på å utvikle løysingar som ikkje tåler nedetid, handterer høg trafikk, og sjølvsagt har den sikkerheita som trengs. Vår topp moderne utviklingsplattform sørger for at produktteama har dei beste fasilitetane for å utvikle smidig og med stor fart. Vi definerer problem, finn løysing, kodar, et lunsj, tek ein kaffi og prodsetter – kvar dag !
Vi er allereie i gang med å utforske alt det nye som kjem med EU si eIDAS-lovgiving og EU-lommebok. Samtidig skal vi gjere våre løysingar som ID-Porten, Maskinporten, KRR, ELMA, Altinn-komponentane og eInnsyn endå betre. Vi er heilt sikre på at det blir spennande, krevjande, hektisk, lærerikt og utfordrande – akkurat slik vi likar det !
I denne runden er vi spesielt ute etter utviklarar som har erfaring med utvikling på Mobilplattform.
Vi utviklar og forvaltar våre eigne native mobilapper – som apputviklar får du ansvar for heile livssyklusen, frå idê og utvikling til produksjonssetting og vidareutvikling i tverrfaglege team. Vi bruker moderne native teknologiar og skriv appane i Jetpack Compose og SwiftUI.
Hovudoppgåva di vil vere produktutvikling i tverrfagleg produktteam. Du vil saman med teamet ha det tekniske ansvaret for teamets produkt og kontinuerleg forbetring av desse over tid. Du bidrar til å bygge løysingar som betyr noko for mange andre og gir løpande verdiauke for samfunnet.
Det er også ønskjeleg med
Denne stillinga er primært plassert på vårt kontor i Sogndal, men vi er open for at seniorutviklarar kan jobbe frå eit av våre andre kontor i Brønnøysund eller Oslo.
Du blir ein del av eit lag ,og då samarbeider du godt med andre og set pris på kompetansedeling. Kontinuerleg evaluering og forbetring er viktig for oss, men også for deg sjølv og teamet ditt.
Det er derfor viktig at du
Vi har tru på at mangfald er ein viktig byggestein i eit godt, spennande og utviklande arbeidsmiljø, og vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke. Rett kompetanse på rett stad er vår viktigaste prioritering når vi rekrutterer, og vi vil legge til rette for at personar med nedsett funksjonsevne også kan jobbe hos oss.
Synes du dette høyrest interessant ut og ønskjer nærare informasjon, kontakt gjerne
Seksjonssjef Jørn Stenehjem,Seksjonsleiar,91146279,jorn.stenehjem@digdir.no
Eldar Venes,Seniorrådgiver ,91328347,eldar.venes@digdir.no
Alette Kronberg,HR ,kaja.alette.kronberg@digdir.no
Askedalen 4
6863Leikanger
Arbeidsgiver: Digitaliseringsdirektoratet (Digdir)
Referansenr.: 5202392489
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 23.11.2026