Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Digitaliseringsdirektoratet (Digdir) søkjer ein erfaren utviklar til å arbeide i hovudoppgåver som byggjer løysingar som tåler nedetid og høg trafikk. Teamet bruker Java, Kotlin, Kafka, React og TypeScript, i Kubernetes-backedplattformer som OpenShift eller Azure.
Du vil delta i utvikling av ID-porten, Maskinporten og relaterte tenester, og du forventast å vere nysgjerrig på teknologi, jobbe sjølvstendig og i team, samt bidra til tryggleik og kvalitet i leveransane.
Hovudoppgåvene din vil vere produktutvikling i tverrfaglege produktteam. Du vil saman med teamet ha det tekniske ansvaret for sine produkt og kontinuerleg forbetring av desse over tid. Du bidrar til å bygge løysingar som betyr noko for mange andre og gir løpande verdiauke for samfunnet.
Det er også ønskeleg med
Vitnemål og attestar må følgje søknaden. Vi ber om at du hentar vitnemål frå Vitnemålsportalen direkte i Jobbnorge når du søkjer på stillinga. Har du teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Søkarlister kan bli offentleggjorde i samsvar med offentleglova § 25. Dersom du ønskjer å reservere deg mot å bli oppført på den offentlege søkjarlista, må dette grunngjevast. Opplysningar kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om å ikkje bli oppført på lista. Du vil i så fall bli varsla.
Som utviklar i vår avdeling blir du med på å utvikle løysingar som ikkje tåler nedetid, handterer høg trafikk, og sjølvsagt har den sikkerheita som trengs. Vår topp moderne utviklingsplattform sørger for at produktteama har dei beste fasilitetane for å utvikle smidig og med stor fart. Vi definerer problem, finn løysing, kodar, et lunsj, tek ein kaffi og prodsetter – kvar dag !
Vi er allereie i gang med å utforske alt det nye som kjem med EU si eIDAS-lovgiving og EU-lommebok. Samtidig skal vi gjera våre løysingar som ID-Porten, Maskinporten, KRR, ELMA, Altinn-porteføljen og eInnsyn endå betre, sikrare og meir brukarvennlege. Me er heilt sikre på at det blir spennande, krevjande, hektisk, lærerikt og utfordrande – akkurat slik vi likar det ! Om du også likar det slik, kan noko, og vil noko, so søk gjerne.
Teknologi
Teama våre har stor teknologisk friheit og tek i bruk den teknologien som er best egna for den aktuelle oppgava. Vi er best kjent med Java, Kotlin, Kafka, React og TypeScript, men nyttar også .NET. Vi nyttar oss av mikrotenester der det er relevant. Plattformene våre er Kubernetes-basert med OpenShift eller Azure. Vi nyttar Digdir sitt Designsystem https://www.designsystemet.no/
Kommig Vi er aktive brukarar av KI og ynskjer å utvide bruken i trygge rammer for å støtte teama i sitt arbeid.
Hovudoppgåvene din vil vere produktutvikling i tverrfaglege produktteam. Du vil saman med teamet ha det tekniske ansvaret for sine produkt og kontinuerleg forbetring av desse over tid. Du bidrar til å bygge løysingar som betyr noko for mange andre og gir løpande verdiauke for samfunnet.
Det er også ønskeleg med
Vi har stor tru på å møtast fysisk og derfor er desse stillingane plassert på vårt kontor i Sogndal, men vi er i særlege tilfelle open for at du kan jobbe frå eit av Digdir sine andre kontor i Brønnøysund eller Oslo.
Du blir ein del av eit lag, og då samarbeider du godt med andre og set pris på kompetansedeling. Kontinuerleg evaluering og forbetring er viktig for oss, men også for deg sjølv og teamet ditt.
Det er derfor viktig at du
Inkluderande arbeidsliv og mangfald
Vi har tru på at mangfald er ein viktig byggestein i eit godt, spennande og utviklande arbeidsmiljø, og vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke. Rett kompetanse på rett stad er vår viktigaste prioritering når vi rekrutterer, og vi vil legge til rette for at personar med nedsett funksjonsevne også kan jobbe hos oss.
Sikkerheit i Digdir
Digdir forvaltar samfunnskritisk infrastruktur. Sikkerheit er derfor integrert i rekrutteringsprosessane hos oss. I stillingar som blir vurdert som sikkerheitskritiske, må du rekne med å få spørsmål knytt til sikkerheitsmessig skikkaheit i rekrutteringsprosessen. Vi nyttar Semac til bakgrunnssjekk i samband med våre tilsetjingar.
Jørn Stenehjem,Seksjonsleiar,91146279,jorn.stenehjem@digdir.no
Eldar Venes,Seniorrådgiver ,91328347,eldar.venes@digdir.no
Alette Kronberg,HR,kaja.alette.kronberg@digdir.no
Askedalen 4
6863Leikanger
Arbeidsgiver: Digitaliseringsdirektoratet (Digdir)
Referansenr.: 5201372255
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 23.11.2026