Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Universitetet i Bergen søker ein erfaren førstekonsulent eller seniorkonsulent til Holbergprisens sekretariat. Stillinga er fast 30% og har arbeidsstad på Fastings Minde i Bergen.
Du vil inngå i eit lite, fagleg utviklande team og bidra til Holberguken, Holbergprisen i skolen og andre relevante aktivitetar. Arbeidet krev god munnleg og skriftleg kommunikasjon, samt erfaring med arrangementplanlegging, nettpublisering og videoproduksjon.
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video:Velkommen som søkjar til ei fast 30% stilling som førstekonsulent eller seniorkonsulent ved Holbergprisens sekretariat.
Holbergprisen er ein internasjonal forskingspris for framifrå forsking innan humaniora, samfunnsvitskap, juss og teologi. Forutan sjølve Holbergprisen, administrerer sekretariatet òg arbeidet med Nils Klim-prisen for yngre forskarar frå/i Norden og Holbergprisen i skolen. Holbergprisen vert administrert av Universitetet i Bergen på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet.
Vi søkjer ein person som har erfaring med planlegging og gjennomføring av arrangement, kommunikasjonsarbeid og formidling. Ein sentral del av arbeidet vil vere planlegging, promotering og gjennomføring av arrangement knytt til Holberguken og Holbergprisen i skolen sine aktivitetar, samt ulike administrative oppgåver. Den som blir tilsett i stillinga vil ha arbeidsstad på Fastings Minde på Høyden, sentralt i Bergen, og arbeide tett saman med kollegaer i Holbergprisen. Det er ønskjeleg med snarleg tilsetjing.
Stillinga inneber tidvis meirarbeid knytt til arrangement og arbeidsintensive periodar.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein får ved å ta kontakt med: Administrativ leiar for Holbergprisens sekretariat, Ingrid Ovidia Moe Telle, tlf. 415 14 781 / e-post ingrid.o.telle@uib.no , eller fagleg leiar Bjørn Enge Bertelsen, tlf. 411 03 883 / e-post bjorn.bertelsen@uib.no .
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her .
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.