A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Universitetet i Bergen søkjer ein engasjert undervisar til kvalifiseringsprogrammet for kiropraktorer og manuellterapistudentar. Undervisinga vil vere knytt til MANTPRIM 600 og KIROTRYGD 600, med tilrettelegging og rettleiing i eit internasjonalt miljø.
Det blir lagt vekt på klinisk erfaring frå primærkontakten og krav om utdanningsfagleg kompetanse eller plan om å skaffe det innan to år frå tilsetjing. Språket i undervisninga er hovudsak norsk, med krav om norsk eller skandinavisk nivå B2 innan
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video:
Vi ser etter motiverte fagfolk som ynskjer å ta del i utdanninga av gode, framtidige manuellterapeuter.Undervisinga er først og fremst knytt til kvalifiseringsprogrammet for kiropraktorer og manuellterapistudenter med utdanning frå utlandet.Det kan óg verte aktuelt at densom vert tilsett går inn iundervisninga innafor andre studieprogram som høyrer til under fakultetet, etter instituttet/fakultetet sine behov. Det vert forventa høg kvalitet i undervisningsarbeidet
Det er i tillegg ønskeleg at søkjar
Personlege eigenskapar blir vektlagd ved vurderinga.
Det er krav om utdanningsfagleg kompetanse tilsvarande 39 timar. Dersom ein ikkje har utdanningsfagleg kompetanse, må dette skaffast innan 2 år frå tilsetjing. Sjå meir på Enhet for læring .
Undervisningsspråket er i hovudsak norsk. Det blir kravd at den som blir tilsett har ferdigheiter i norsk eller eit anna skandinavisk språk på nivå B2 innan tre år etter tilsetjinga. UiB tilbyr norskopplæring og vil legge til rette for at språkkravet kan oppfyllast.
Utfyllande opplysninger om stillinga kan ein få ved å vende seg tilSilje Mæland, e-post: silje.maeland@uib.no . For HR-relevante spørsmål ta kontakt med HR-rådgjevar Thomas McGonagle Bentsen, e-post: thomas.bentsen@uib.no
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her .
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.