Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Universitetet i Bergen søkjer studieleiar (rådgjevar) ved Institutt for informatikk. Stillinga inneber administrativt leiaransvar for studiedriften og samarbeid med studentar, undervisarar og programstyra.
Dette er ei fast stilling med ansvar for studieprogram, rettleiing og saksbehandling, og det ligg til rette for ei spanande utvikling av utdanningstilbod ved instituttet.
Stillingstittel Studieleiar (rådgjevar) ved Institutt for informatikk
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Institutt for informatikk har ei ledig fast stilling som studieleiar (rådgjevar). Vi søkjer deg som ønskjer å bidra til utvikling av studieadministrasjonen i eit sterkt fagmiljø - og som likar å jobbe tett på både studentar, undervisarar og studieprogram. Som administrativ leiar for denne spanande og utfordrande studiedrifta, søkjer vi no ein ny, trygg, kompetent og ambisiøs studieleiar ved Institutt for informatikk.
Som leiar av vår studieseksjon blir du med i eit solid og velfungerande lag beståande av studieleiar og fire studiekonsulentar. Seksjonen arbeider direkte med studentar og undervisarar og har ansvar for saksbehandling, rettleiing og vidareutvikling av utdanningstilboda våre. Du blir òg ein del av det godt etablerte nettverket for studieadministrative medarbeidarar ved Fakultet for naturvitskap og teknologi.
Studieleiar rapporterer til administrasjonssjefen. Studieseksjonen er del av ei instituttadministrasjon som totalt har med 13 medarbeidarar. Målet til administrasjonen er å leggje best mogleg til rette for forsking, formidling og utdanning av høg kvalitet ved instituttet.
Digitalisering av næringsliv, offentleg forvaltning og utdanning gjer informatikk stadig viktigare i samfunnsutviklinga. Forsking og utdanning i informatikk er avgjerande for at den digitale transformasjonen skal lukkast.
Oppgåveporteføljen kan bli endra over tid.
Digitalisering av næringsliv, offentleg forvaltning og utdanning gjer informatikk stadig viktigare i samfunnsutviklinga. Forsking og utdanning i informatikk er avgjerande for at den digitale transformasjonen skal lukkast.
Institutt for informatikk bidreg gjennom åtte forskingsgrupper innen algoritmar, bioinformatikk, fagdidaktikk, maskinlæring, optimering, programmeringsteori, sikker kommunikasjon og visualisering. I tillegg har vi Center for Data Science (CEDAS), UiB Kvante , Computational Biology Unit (CBU) og Energy Informatics Lab.
Instituttet tilbyr utdanning på bachelor-, master- og ph.d.-nivå. Vi har om lag 1000 studentar og 150 tilsette, inkludert 35 professorar/førsteamanuensar.
Oppgåveporteføljen kan bli endra over tid.
Det blir lagt stor vekt på personlege eigenskapar som er nødvendige for stillinga, mellom anna:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Espen Klungseth Rotevatn, administrasjonssjef
Telefon: +47 47074775
E-post: espen.rotevatn@uib.no
For HR-relaterte spørsmål:
Maria Svåsand, HR-rådgjevar
Telefon: +47 55588662
E-post: maria.svasand@uib.no
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar særleg menn til å søkje stillinga. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane om moderat kjønnskvotering.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her .
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.