Førstekonsulent

Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet (NTNU)

Ålesund

Sur place

NOK 550 000 - 650 000

Plein temps

Il y a 3 jours
Soyez parmi les premiers à postuler

Obtenez une réponse de cet employeur

Votre CV et votre lettre de motivation, adaptés exactement à ce que l’employeur recherche.

Passez les filtres ATS

Avantages offerts par ce poste

Statens pensjonskasse
Internasjonalt arbeidsmiljø
Inkluderande arbeidsmiljø

Résumé du poste

NTNU på campus Ålesund søkjer ein førstekonsulent i ein fast 100% stilling ved Seksjon for utdanning. Du vil arbeide med studieadministrative oppgåver og digitale system som ein viktig kontakt for studentar og tilsette i eit inkluderande miljø.

Stillinga ligg til Avdeling for utdanning ved NTNU og gir god rom for personleg og fagleg utvikling i eit internasjonalt universitetsmiljø.

Qualifications

  • Kunnskap om kontor- og administrasjonsfaget eller IKT-relaterte fag
  • Gode digitale ferdigheiter og IKT-kunnskap
  • Gode skriftlege og munnlege ferdigheiter på norsk og engelsk
  • Evne til å arbeide nøyaktig og systematisk

Responsabilités

  • For- og etterarbeid knytt til eksamen og gjennomføring av eksamen
  • Vere kontaktpunkt for studentar, tilsette og eksterne i ekspedisjon/sentralbord og digitale system
  • Innkjøp og bestilling
  • Saksbehandling av studieadministrative saker
  • Andre studieadministrative oppgåver i seksjonen

Description du poste

Som førstekonsulent ved campus Ålesund, vil du få fast tilsetting i 100 % stilling ved Seksjon for utdanning i Ålesund. Du får ein variert arbeidskvardag i eit spennande universitetsmiljø, der du arbeider med studieadministrative oppgåver og digitale system. Du blir eit viktig kontaktpunkt for studentar, tilsette og eksterne, og ein del av eit inkluderande arbeidsmiljø der vi samarbeider om gode løysingar. Stillinga gir deg også gode moglegheiter for personleg og fagleg utvikling.

Du blir ein del av ein seksjon som arbeidar tett på dei administrative fagmiljøa både i Ålesund, Trondheim og Gjøvik. Våre arbeidsoppgåver spenner seg frå tilrettelegging, timeplan, eksamen, internasjonalisering, læringsstøtte, studentdemokratiet og studieadministrative system. Stillinga rapporterer til seksjonssjef for seksjon for utdanning i Ålesund. Seksjonen er ein del av Avdeling for utdanning ved NTNU.

Stillinga passer godt for nyutdanna som ønskar å utvikle seg innan administrasjon og saksbehandling.

Kva vil arbeidsdagen din bestå av?
  • for- og etterarbeid relatert til gjennomføring av eksamen
  • vere kontaktpunkt, handtere førespurnadar i ekspedisjon/sentralbord og digitalt i våre systemer
  • innkjøp og bestilling
  • saksbehandling
  • andre studieadministrative oppgaver

Du bidreg til at eksamen blir godt førebudd, gjennomført og følgd opp for studentar og tilsette.

Du møter mange ulike spørsmål og hjelper studentar, tilsette og eksterne med å finne rett informasjon eller kome vidare til rett plass og person.

Du følgjer opp bestillingar og innkjøp som trengst for den daglege drifta både i seksjonen og på campus.

Du behandlar administrative saker og sørgjer for at dei blir følgde opp på ein ryddig og effektiv måte.

Du tek del i varierte oppgåver i seksjonen og bidreg til at dei administrative tenestene fungerer godt i kvardagen.

Kva trengs for å vere kvalifisert for stillinga?
  • du må ha relevant utdanning på bachelornivå eller tilsvarande. Relevant erfaring, gjerne kombinert med fagbrev innan IKT- eller kontor- og administrasjonsfaget, kan kompensere for utdanningskravet.
  • du må ha god digital kompetanse
  • erfaring med relevante digitale system og verktøy
  • ha god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
Det er ein fordel om du

Kjenner til eksamenssystem, anten som student eller brukar. Det er fint om du har erfaring med administrative system i utdanningssektoren. Det er også ein fordel om du har erfaring frå eitt eller fleire av fagområda i seksjonen. Erfaring frå brukar- eller kundestøttesystem vil også vere relevant.

Kven er du som person?

Vi ser etter deg som arbeider nøyaktig og strukturert, og som er fleksibel når arbeidskvardagen endrar seg eller tempoet aukar. Du tek ansvar, viser engasjement og samarbeider godt med andre for å finne gode løysingar. Du kommuniserer tydeleg og møter studentar, kollegaer og andre med ei serviceinnstilt haldning.

Ved vurdering av den best kvalifiserte, legg vi vekt på utdanning, erfaring og personleg eignaheit, samt din motivasjon for stillinga.

Kvifor skal du velje oss?
  • tilsette ved NTNU har ei rekke goder og fordelar for tilsette du vil nyte godt av, i tillegg til at du som statsansatt får gunstige vilkår i Statens pensjonskasse
  • spennande og utviklande oppgåver i eit sterkt og internasjonalt arbeidsmiljø
  • opent og inkluderande arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer
  • vere ein del av eit leiande internasjonalt universitet
Løn og vilkår som er gjeldande for stillinga

I stillingskode 1408 førstekonsulent vil du normalt lønast frå brutto kr 550 000 til kr 650 000 pr. år avhengig av kvalifikasjonar. For særleg godt kvalifiserte søkarar kan ein noko høgare lønsinnplassering vurderast. Frå løna vert det trekt 2 % lovfesta innskot til Statens pensjonskasse.

Tilsettinga vert gjennomført etter prinsippa i statsansatteloven, og lovverk som regulerar eksport av kunnskap, teknologi og tenester. Det kan skje endringar i arbeidsområdet.

Viktig å vete om søknaden din

Vi gjer merksam på at søknaden berre blir vurdert ut frå informasjonen som ligg føre ved utløp av søknadsfrist. Sørg difor for at søknaden din tydeleg syner korleis evnar og erfaringar fyll kriteria som er beskrive over.

Søknaden Må Innehalde
  • CV, attestar og vitnemål

Vi ber ikkje om søknadsbrev. For oss er det meir relevant med ein beskrivande CV som syner kva du har av erfaring og kompetanse. Du må også svare på spørsmål i søknadsskjemaet, der du utdjupar di relevante erfaring og kompetanse som du meinar passar for denne stillinga.

Dersom heile eller delar av utdanninga di er gjennomført i utlandet, ber vi deg legge ved dokumentasjon på omfang og kvalitet for hele utdanningsløpet ditt, både bachelor- og masterutdanning, i tillegg til anna høgare utdanning. Skildring av kva dokumentasjon som er naudsynt finn du her. Dersom du allereie har ein profil frå HK-dir, er det fint om du legg ved den også.

NTNU kunnskap for ei betre verd
NTNU - kunnskap for en bedre verden

Ved NTNU, Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet, blir det skapt kunnskap for ei betre verd og løysingar som kan endre kvardagen.

Obtenez votre examen gratuit et confidentiel de votre CV.

ou faites glisser et déposez votre fichier ici.

Similar jobs

Postes similaires à comparer

Førstekonsulent
Førstekonsulent

NTNU - Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet • Ålesund

Sur place
NOK 550 000 - 650 000
Rådgjevar innan digital informasjonsforvaltning og utvikling
Rådgjevar innan digital informasjonsforvaltning og utvikling

NTNU • Ålesund

Hybride
NOK 600 000 - 800 000
Rådgjevar innan digital informasjonsforvaltning og utvikling
Rådgjevar innan digital informasjonsforvaltning og utvikling

Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet (NTNU) • Ålesund

Sur place
NOK 600 000 - 680 000
Spennande og utviklande oppgåver i eit
Opptatt og inkluderande arbeidsmiljø
Tilsettegoder og fordelar
+2
Førstekonsulent
Førstekonsulent

Ntnu • Ålesund

Hybride
NOK 550 000 - 650 000
Studiekonsulent
Studiekonsulent

NTNU - Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet • Ålesund

Sur place
NOK 520 000 - 650 000
Pensjonsordning
Moderne verktøy
Fleksibel arbeidstid
Studiekonsulent
Studiekonsulent

Studiekonsulent • Ålesund

Sur place
NOK 420 000 - 540 000
Rådgjevar innan digital informasjonsforvaltning og utvikling
Rådgjevar innan digital informasjonsforvaltning og utvikling

NTNU - Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet • Ålesund

Sur place
NOK 600 000 - 680 000
Studiekonsulent
Studiekonsulent

Norwegian University of Science and Technology (NTNU) • Trondheim

Sur place
NOK 520 000 - 640 000
Pensjonsordning i Statens pensjonskass
Studiekonsulent
Studiekonsulent

NTNU - Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet • Trondheim

Sur place
NOK 620 000 - 680 000
Seniorkonsulent
Seniorkonsulent

Norwegian University of Science and Technology (NTNU) • Trondheim

Sur place
NOK 620 000 - 700 000