A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Vøringfoss Hotel AS søker ein engasjert resepsjons- og bookingsjef til å leie resepsjonen ved Fjordtind Hotels i Eidfjord. Stillinga er eit vikariat for 2027, med moglegheit for forlenging, og inkluderer ansvar for vareoppleving og dialog mellom gjester og avdelingane.
Du brenn for gode gjesteopplevingar, har erfaring frå resepsjonsarbeid i hotellbransjen, god systemkunnskap og løysingsorientert tilnærming. God språkforståing på norsk og engelsk er trongt, og hjelpa med bustad ligg tilgjengeleg.
Vår noverande resepsjons- og bookingsjef går vidare til nye utfordringar i Fjordtind Hotels, og me søkjer ein engasjert eldsjel som vil leie resepsjonen med godt humør, omtanke og nye idear. Stillinga er eit vikariat for 2027, med moglegheit for forlenging. Me tilbyr ein variert og spennande jobb i det me tør påstå er verdas finaste kulissar!
Som resepsjons- og bookingsjef brenn du for gode gjesteopplevingar og veit at dei små detaljane gjer ein stor forskjell. Vertskapsrolla står sentralt, og resepsjonen er eit viktig bindeledd mellom gjestene og dei ulike avdelingane på hotellet. Saman med teamet ditt sørgjer du for at kvar gjest kjenner seg velkomen og godt ivareteken - frå første kontakt til avreise.
Erfaring frå resepsjonsarbeid i hotellbransjen eller anna relevant erfaring.
God systemkunnskap (me nyttar hotellsystemet Mewsl, PMI og Capitech) og struktur. Du taklar stress og er løysingsorientert.
Forståing av kva som skapar dei gode gjesteopplevingane.
Kjærleik og omsorg for våre tilsette.
Brennande ynskje om å jobbe for at våre tilsette skal fortsetja å utvikla seg til å nå sitt beste potensiale: Me skal alltid bli betre!
Du skriv og snakkar norsk og har gode språkkunnskapar skriftleg og munnleg i engelsk og gjerne fleire språk.
Hjelp med å finna bustad.
Plass i leiarteamet og moglegheit for stor grad av påverknad.
Som ein del av Fjordtind Hotels vil du få ei viktig rolle som 1 av 3 resepsjonssjefar som har godt samarbeid.
I tilknyting til resepsjonen ligg det ein bar og restaurant som resepsjonen tidvis betener, så det er flott om du i tillegg har kjennskap eller ynskje om å utvikla kunnskapar på dette området.
Vøringfoss Hotel i Eidfjord har 81 rom og har dei siste åra gjennomgått ei større renovering, omprofilering og utvikling av nye mat- og drikkekonsept.
Saman med dei to andre hotella i Fjordtind Hotels, vil me at våre gjester skal oppleva Hardanger på sitt aller beste, gjennom aktivitetar med både låg og høg puls.