Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Luster kommune søkjer ein GIS-rådgjevar i 100 % fast stilling frå 1. januar 2027, med opning for arbeidsstad i ein av kommunane i samarbeidet mellom Luster, Lærdal, Sogndal, Vik og Årdal.
Rolla omfattar forvaltning, produksjon og vidare utvikling av kart og geodata. Dette skjer i eit nyoppretta interkommunalt fagmiljø med bruk av GISLine og Norkart, og inkluderer brukarstøtte og utviklingsoppgåver som skal levera likeverdige tenester.
Frå 1. januar 2027 etablerer Luster, Lærdal, Sogndal, Vik og Årdal kommunar eit felles vertskommunesamarbeid for kart, oppmåling og GIS, med Luster kommune som vertskommune.
Me søkjer ein GIS-rådgjevar i 100 % fast stilling, med oppstart 1. januar 2027. Det er opning for å ha arbeidsstad i ein av kommunane i samarbeidet.
Det nye samarbeidet får ni fagtilsette: tre innan kart og GIS, inkludert fagansvarleg, og seks innan oppmåling og matrikkel, inkludert fagansvarleg. I tillegg kjem einingsleiar. Du vert dermed del av eit større fagmiljø som skal levera tenester til alle dei fem kommunane.
Kommunane nyttar Norkart sine løysingar på sentrale delar av fagområdet, med GISLine som ei sentral plattform. Arbeidet omfattar både dagleg forvaltning av kart- og geodata, brukarstøtte og utvikling av løysingar og arbeidsmåtar. Oppgåver og ressursar skal nyttast på tvers av kommunegrensene, slik at alle kommunane får likeverdige tenester.
Arbeidsoppgåvene er dynamiske og vil kunna endra seg i takt med den teknologiske utviklinga, behova i kommunane og vidare utvikling av samarbeidet.
Me ser etter deg som har interesse for GIS, kart og geodata og som ønskjer å vera del av eit større fagmiljø.
Relevant praksis kan kompensera for delar av utdanningskravet.
Erfaring med GISLine og andre løysingar frå Norkart er ein klar fordel. Det same gjeld erfaring frå kommunal GIS- og geodataforvaltning, FKB, Geovekst, planregister, webkart eller andre relevante kart- og fagsystem. Dersom du ikkje har erfaring med GISLine frå før, må du vera førebudd på å tileigna deg denne kompetansen.
Personlege eigenskapar vil bli tillagde stor vekt.

Som GIS-rådgjevar vil du arbeida med forvaltning, produksjon og utvikling av kart og geodata. Du vil samarbeida tett med fagansvarleg for kart og GIS, den andre GIS-rådgjevaren og resten av fagmiljøet i samarbeidet, i tillegg til relevante fagmiljø i kommunane.
Kommunane nyttar Norkart sine løysingar på sentrale delar av fagområdet, med GISLine som ei sentral plattform. Arbeidet omfattar både dagleg forvaltning av kart- og geodata, brukarstøtte og utvikling av løysingar og arbeidsmåtar. Oppgåver og ressursar skal nyttast på tvers av kommunegrensene, slik at alle kommunane får likeverdige tenester.
Arbeidsoppgåvene er dynamiske og vil kunna endra seg i takt med den teknologiske utviklinga, behova i kommunane og vidare utvikling av samarbeidet.
Me ser etter deg som har interesse for GIS, kart og geodata og som ønskjer å vera del av eit større fagmiljø.
Relevant praksis kan kompensera for delar av utdanningskravet.
Erfaring med GISLine og andre løysingar frå Norkart er ein klar fordel. Det same gjeld erfaring frå kommunal GIS- og geodataforvaltning, FKB, Geovekst, planregister, webkart eller andre relevante kart- og fagsystem. Dersom du ikkje har erfaring med GISLine frå før, må du vera førebudd på å tileigna deg denne kompetansen.
Personlege eigenskapar vil bli tillagde stor vekt.
Luster kommune ligg inst i Sognefjorden og er arealmessig blant dei aller største kommunane i Sør-Noreg. Kommunen rommar både mektige tindar, djupe fjordar og snødekte brear. Folketalet nærmar seg 5500 innbyggjarar. Det er eit allsidig næringsliv med vekt på vasskraftproduksjon, landbruk og bærdyrking, reiseliv og turisme, innovativ profilering- og trykkeriverksemd. Kommunesenteret Gaupne ligg rundt 25 minutt frå regionsenteret Sogndal. Luster har mange levande bygder og aktive lokalsamfunn. Det er eit godt og breitt kommunalt tenestetilbod. Meir informasjon finn du på: www.luster.kommune.noTilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/f8915265-a527-4dd3-a2c7-d0ef4f693575