A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Luster kommune Forvaltning og utvikling søker ein autorisert eigedomslandmålar til 100 % mellombels stilling i to år. Stillinga er ein kombinasjon av vikariat og prosjektoppgåver, med kontorstad i Gaupne og oppgåver som dekkjer fem kommunar.
Du vil prioritera oppgåver knytt til å ta att etterslepet i oppmålingssaker, heve kvaliteten i matrikkelen og bidra i utviklinga av felles rutinar i det interkommunale samarbeidet. Reiseverksemd og feltarbeid må påreknast.
Luster, Lærdal, Sogndal, Vik og Årdal etablerer frå 1. januar 2027 eit interkommunalt samarbeid om kart, oppmåling og GIS. Luster er vertskommune. Me søkjer ein eigedomslandmålar til 100 % mellombels stilling i to år. Stillinga kombinerer vikariat med prosjektoppgåver. Kontorstaden er rådhuset i Gaupne, medan arbeidsoppgåvene kan omfatta alle dei fem kommunane.
Stillinga skal særleg bidra til å ta att etterslepet av oppmålingssaker i Luster kommune og heve kvaliteten på opplysningane i matrikkelen. Samstundes vil du utføre oppgåver for dei andre samarbeidskommunane og bidra til å utvikle felles rutinar i det nye samarbeidet.
Du får ein variert arbeidskvardag med oppmålingsarbeid ute, sakshandsaming og kontakt med grunneigarar og kollegaer. Det nye samarbeidet får ni fagtilsette: tre innan kart og GIS, inkludert fagansvarleg, og seks innan oppmåling og matrikkel, inkludert fagansvarleg. I tillegg kjem einingsleiar. Du vert dermed del av eit større fagmiljø som skal lever tenester til alle dei fem kommunane.
Den nærare fordelinga mellom løpande oppgåver og prosjektarbeid vert tilpassa kompetansen din og behova i samarbeidet. Det må påreknast reiseverksemd og feltarbeid i samarbeidskommunane.
Me ønskjer primært ein autorisert eigedomslandmålar med relevant høgare utdanning. Søkjarar med relevant bachelor- eller mastergrad som er i gang med, eller ønskjer å kvalifisere seg for, autorisasjon, er også velkomne til å søkje. Om naudsynt ved tilsetjing vil me leggje til rette for rettleiing og mentoroppfølging i samband med autorisasjon.
Me ønskjer at du har:
Erfaring frå kommunal forvaltning er ein fordel.
Luster kommune ligg inst i Sognefjorden og er arealmessig blant dei aller største kommunane i Sør-Noreg. Kommunen rommar både mektige tindar, djupe fjordar og snødekte brear. Folketalet nærmar seg 5500 innbyggjarar. Det er eit allsidig næringsliv med vekt på vasskraftproduksjon, landbruk og bærdyrking, reiseliv og turisme, innovativ profilering- og trykkeriverksemd. Kommunesenteret Gaupne ligg rundt 25 minutt frå regionsenteret Sogndal. Luster har mange levande bygder og aktive lokalsamfunn. Det er eit godt og breitt kommunalt tenestetilbod.
Meir informasjon finn du på: www.luster.kommune.no. Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/f8915265-a527-4dd3-a2c7-d0ef4f693575