Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Evanger barnehage og Bolstad barnehage i Voss søkjer etter ein engasjert fagarbeider/assistent som delar arbeid mellom barnehagane. Du vil utvikle eit trygt og inkluderande miljø og bidra til god barnehagekvardag gjennom leik og aktivitet kvar dag.
Du må ha fagbrev som barne- ungdomsarbeidar; arbeidet skjer i eit godt fagleg utviklingsmiljø med fokus på leseinitiativet «Alle barn skal bli lest for» og samarbeid med føresette.
Evanger barnehage og Bolstad barnehage søkjer etter ein engasjert fagarbeider/assistent med eit stort hjarte for born. Stillinga vil delast mellom dei to barnehagane ut i frå behov. Me ser etter deg som ynskjer å bidra til at borna får rike og varierte opplevingar og erfaringar, utfordringar og meistringsopplevingar gjennom leik og aktivitetar kvar dag i barnehagen. Me legg stor vekt på at leiken skal ha ein sentral plass og bli prioritert i barnehagekvardagen vår. Satsingsområdet i dei neste åra er «Alle barn skal bli lest for i vossabarnehagane kvar dag.»
Den som blir tilsett må leggja fram godkjent politiattest.
Evanger barnehage er ein 1-avdelingsbarnehage på Evanger, ca. 20 minuttar frå Voss sentrum. Det er 15 barn i barnehagen i alderen 1-5 år.
Bolstad barnehage er ein 1-avdelingsbarnehage på Bolstad, ca. 30 minuttar frå Voss sentrum. Her er 14 barn i alderen 1-5 år.
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven.