Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Evanger barnehage søkjer engasjert barnehagelærar med god fagleg kompetanse og eit stort hjarte for born. Tiltreding er ynskjeleg frå 1. desember eller etter avtale.
Me ser etter deg som ynskjer å bidra til at borna får rike og varierte opplevingar og erfaringar, utfordringar og meistringsopplevingar gjennom leik og aktivitetar kvar dag i barnehagen. Informasjonen viser at vi legg stor vekt på lekens sentrale rolle og prioriterer dette i kvardagen.
Evanger barnehage søkjer engasjert barnehagelærar med god fagleg kompetanse og eit stort hjarte for born. Tiltreding er ynskjeleg fra 1. desember eller etter avtale. Me ser etter deg som ynskjer å bidra til at borna får rike og varierte opplevingar og erfaringar, utfordringar og meistringsopplevingar gjennom leik og aktivitetar kvar dag i barnehagen. Me legg stor vekt på at leiken skal ha ein sentral plass og bli prioritert i barnehagekvardagen vår. Satsingsområdet i dei neste åra er «Alle barn skal bli lest for i vossabarnehagane kvar dag.»
Den som blir tilsett må leggja fram godkjent politiattest
Informasjon om barnehagen:
Evanger barnehage er ein 1-avdelingsbarnehage på Evanger, ca. 20 minuttar frå Voss sentrum. Det er 15 barn i barnehagen i alderen 1 -5 år.
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt.
Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden.