Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Evanger barnehage i Voss kommune søkjer ein engasjert barnehagelærar med god fagleg kompetanse og eit stort hjarte for born. Tiltreding er ynskjeleg frå 1. desember eller etter avtale. Barnehagen legg vekt på leik som sentral, og satsingsområdet er at alle barn skal bli lest for kvar dag.
Me tilbyr eit utviklingsorientert arbeidsmiljø, solide forsikrings- og pensjonsordningar, og gode moglegheiter for fagleg utvikling i eit godt tverrfagleg miljø.
Evanger barnehage søkjer engasjert barnehagelærar med god fagleg kompetanse og eit stort hjarte for born. Tiltreding er ynskjeleg frå 1. desember eller etter avtale. Me ser etter deg som ynskjer å bidra til at borna får rike og varierte opplevingar og erfaringar, utfordringar og meistringsopplevingar gjennom leik og aktivitetar kvar dag i barnehagen. Me legg stor vekt på at leiken skal ha ein sentral plass og bli prioritert i barnehagekvardagen vår. Satsingsområdet i dei neste åra er «Alle barn skal bli lest for i vossabarnehagane kvar dag.»
Den som blir tilsett må leggja fram godkjent politiattest
Evanger barnehage er ein 1-avdelingsbarnehage på Evanger, ca. 20 minuttar frå Voss sentrum. Det er 15 barn i barnehagen i alderen 1 -5 år.
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven