Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Evanger barnehage søker ein engasjert barnehagelærar med god fagleg kompetanse og eit stort hjarte for born. Tiltreding er ynskjeleg frå 1. desember eller etter avtale. Me legg vekt på leik, tryggleik og variert oppleving kvar dag.
Satsingsområdet vårt er at Alle barn skal bli lest for i vossabarnehagane kvar dag, og vi har eit godt tverrfagleg miljø, utviklingsorientert arbeidsmiljø og gode forsikrings- og pensjonsordningar. Vi tilbyr eit inkluderande arbeidsmiljø og gode kollegaer.
Får du energi av barnelatter, gode relasjonar og dagar som aldri er heilt like? Er du typen som likar å vera ute i all slags vêr, kan syngja ein barnesong utan å blunka, og veit at noko av det beste som finst er å sjå eit barn meistra noko for aller fyrste gong? Ler du litt når du eigentleg skulle vore alvorleg, set pris på dei små og store augeblikka i kvardagen og ønskjer å vera den trygge vaksne som gjer ein forskjell?
Evanger barnehage søkjer engasjert barnehagelærar med god fagleg kompetanse og eit stort hjarte for born. Tiltreding er ynskjeleg frå 1. desember eller etter avtale. Me ser etter deg som ynskjer å bidra til at borna får rike og varierte opplevingar og erfaringar, utfordringar og meistringsopplevingar gjennom leik og aktivitetar kvar dag i barnehagen. Me legg stor vekt på at leiken skal ha ein sentral plass og bli prioritert i barnehagekvardagen vår. Satsingsområdet i dei neste åra er «Alle barn skal bli lest for i vossabarnehagane kvar dag.»
Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partner du vil ha med deg, finn gode argument for kvifor de skal flytta hit på Hardanger og Voss kallar . Her ligg det ledige stillingar i regionen.
Evanger barnehage er ein 1-avdelingsbarnehage på Evanger, ca. 20 minuttar frå Voss sentrum. Det er 15 barn i barnehagen i alderen 1 -5 år.
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.