100 % fast stilling som rettleiar ved Nav Aurland og Lærdal

Turid Stigen Sørensen

Lærdalsøyri

Vor Ort

NOK 420.000 - 540.000

Vollzeit

14 Tage+
Bewerbungsgenerator

Eine komplette Bewerbung in einer Minute — maßgeschneiderter Lebenslauf und Anschreiben, fertig zum Versenden.

Schaffe es an den ATS-Filtern vorbei

Benefits dieser Stelle

Løn etter kvalifikasjonar
Pensjonsordningar
Fleksibel arbeidstid
Spennande oppgåver innan samfunnsområd
Engasjert arbeidsmiljø
Offentlege velferdsordningar

Zusammenfassung

Nav Aurland og Lærdal søker ein rettleiar til 100 % fast stilling frå 1. desember 2026. Arbeidsstad er ved Nav Aurland og Lærdal, og du må vere til stades i begge kontora.

Me har eit mangfaldig miljø og planlegg utvikling av regionalt vertskommunesamarbeid. Du har minimum bachelorutdanning og ynskjeleg sosialfagleg utdanning. Viktige eigenskapar er skriftlege/munnelege framstillingsevner, IKT-kunnskap og evne til å byggje gode relasjonar.

Qualifikationen

  • Bachelorutdanning er krav eller liknande høyere utdanning.
  • Sosialfagleg utdanning er ynskjeleg, anna relevant utdanning vurderast.
  • Gode skriftlege og munnlege framstillingsevner and å bruke digitale fagsystem.
  • Førarkort klasse B krevst.
  • Gode IKT-kunnskapar og evne til å lære nye system.
  • Du er initiativrik, sjølvstendig og kan byggje gode relasjonar med brukarar og samarbeidspartnarar.

Aufgaben

  • Oppfølging og rettleiing av personar som treng bistand for å kome i arbeid, aktivitet eller utdanning.
  • Sakshandsaming etter gjeldande lovverk og forskrifter.
  • Sakshandsaming av Husbankordningar som bustøtte og startlån.
  • Kartlegging, motivasjonsarbeid og individuell oppfølging.
  • Samarbeid med arbeidsgjevarar, helsetenester og utdanningsinstansar.
  • Andre arbeidsoppgåver kan bli lagt til stillinga ved behov.

Kenntnisse

Skriftlig framstilling
Relasjonsbygging
Samarbeidsevne

Ausbildung

Bachelorutdanning fra universitet eller høgskule
Sosialfagleg utdanning ynskjeleg
Førarkort klasse B

Jobbeschreibung

I Lærdal bur me ikkje meir enn rundt 2 200 menneske, men jammen skjer det mykje her! Store marknadar, musikkfestival, matfestival, gytefestival (Du får berre googla), varierte konsertar, motbakkeløp, terrengløp, fotballcup med gamle stjerner, vårfest og mykje anna.

Me har majestetiske fjell med eit vel av fantastiske turalternativ både til fots og på ski, masse fiskevatn og gode jaktmoglegheiter. Og me har eit koseleg sentrum heilt ned til fjorden med gamle, søte trehus. På dei mange åkrane i dalen dyrkar dyktige bønder poteter, grønsaker, bær og frukt i rikt monn.

Kommunen vår er faktisk veldig sentralt plassert – tre timars køyring til Bergen ein veg, fire timars køyring til Oslo andre vegen. Dessutan ligg «bygdebyen» Sogndal og turistmagneten Aurland berre ein dryg halvtime unna. Og me har lokalsjukehus.

Har du lyst til å vera rettleiar ved Nav Aurland og Lærdal?

Nav Aurland og Lærdal har ledig 100 % fast stilling som rettleiar frå 1. desember 2026.

Lærdal kommune er vertskommune for Nav-kontora i Lærdal og Aurland, og du vert formelt tilsett i Lærdal kommune. Arbeidsstad er ved Nav Aurland og Lærdal, og du må rekne med å vere til stade i begge kontora.

Nav Aurland og Lærdal har totalt 8 tilsette, inkludert flyktningtenesta og to statlege stillingar. Me er ein god miks av ulik fagkompetanse, fagområde, kjønn og perspektiv. Dette gjev oss eit spennande, lærerikt og triveleg arbeidsmiljø der me spelar kvarandre gode.

Nav er i kontinuerleg utvikling både fagleg og organisatorisk. I løpet av 2027 er det planlagt etablering av eit regionalt vertskommunesamarbeid mellom Nav-kontora i Aurland, Lærdal, Årdal, Vik og Luster. Som tilsett ved Nav Aurland og Lærdal kan du difor verte ein del av ei spennande utviklingsreise og bli omfatta av verksemdsoverdraging i tilsetjingsperioden.

Utdanning/kvalifikasjonar/eigenskapar
  • Minimum bachelorutdanning frå universitet eller høgskule.
  • Sosialfagleg utdanning er ynskjeleg, men anna relevant utdanning som pedagogikk, helsefag eller tilsvarande vil bli vurdert.
  • Erfaring innan offentleg forvaltning er ynskjeleg, og særleg positivt om erfaringa er knytt til Nav eller anna sosialfagleg arbeid.
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne.
  • Gode IKT kunnskapar – kan handtere ulike digitale fagsystem etter opplæring.
  • Førarkort klasse B.
  • Du er initiativrik, sjølvstendig og har evne til å byggje gode relasjonar med brukarar og samarbeidspartnarar.
  • Du er strukturert og målretta.
  • Du er robust og handterer krevjande situasjonar.
Arbeidsoppgåver
  • Oppfølging og rettleiing av personar som treng bistand for å kome i arbeid, aktivitet eller utdanning.
  • Sakshandsaming etter lov om sosialtenester i Nav og andre relevante lover og forskifter.
  • Sakshandsaming av Husbankordningar, som bustøtte og startlån.
  • Kartlegging, motivasjonsarbeid og individuell oppfølging.
  • Samarbeid med arbeidsgjevarar, helsetenester, utdanningsinstitusjonar og andre samarbeidspartnarar.
  • Andre arbeidsoppgåver kan bli lagt til stillinga etter behov.

Dagtidsarbeid, 37,5 t per veke

Me tilbyr
  • Løn etter kvalifikasjonar og avtale - med utgangspunkt i KS sin garantilønstabell kap. 4.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP.
  • Fleksibel arbeidstid utanom kjernetida.
  • Spennande og meiningsfylte arbeidsoppgåver innan eit viktig samfunnsområde.
  • Eit aktivt, støttande og engasjert arbeidsmiljø med brei fagkompetanse.
  • Statlege velferdsordningar for dei kommunale tilsette i Nav.
Det kan nemnast at Lærdal kommune mellom anna har:
  • Gratis fulltids-SFO for 1. -og 2.klassingar, gratis deltids-SFO for 3.klasse,
  • Gratis kommunale bustadtomter rett ved Borgund sentrum, og
  • Eit variert kommunalt kulturprogram i tillegg til alt det andre som skjer i bygda

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at dei tilsette hjå oss skal spegla samansetjinga i resten av befolkninga. Me oppmodar alle kvalifiserte søkjarar til å søkja stilling hjå oss, uavhengig av alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter at søknadsfristen har gått ut, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste. Lista innehold namn, alder, stilling eller yrkestittel, samt bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn i opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan likevel verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om å ikkje stå oppført på søkjarlista. Dersom anmodninga ikkje vert teken til følgje, vil søkjaren verta varsla om detta.

Hol dir deinen kostenlosen, vertraulichen Lebenslauf-Check.

oder ziehe deine Datei hierhin.

Similar jobs

Ähnliche Jobs, die dir auch gefallen könnten

100 % fast stilling som rettleiar ved Nav Aurland og Lærdal
100 % fast stilling som rettleiar ved Nav Aurland og Lærdal

Lærdal kommune Nav • Lærdalsøyri

Vor Ort
NOK 480.000 - 600.000
Løn etter kvalifikasjonar
Pensjons- og forsikringsordningar
Fleksibel arbeidstid
+3
Vil du vere bindeleddet som får tenestene til å henge saman?
Vil du vere bindeleddet som får tenestene til å henge saman?

Ingvill Sjøthun • Lærdalsøyri

Vor Ort
NOK 520.000 - 700.000
Løn i tråd med KS
Gode pensjonsordningar
Gode personforsikringar
+2
Ledig stilling
Ledig stilling

Toril Grøthe • Lærdalsøyri

Vor Ort
NOK 650.000 - 750.000
Gode pensjonsordningar i KLP
Gode personforsikringar
Tilbod om rekrutteringstilskot 60 000
+2
Vil du vere bindeleddet som får tenestene til å henge saman?
Vil du vere bindeleddet som får tenestene til å henge saman?

Lærdal kommune Bu- og miljøtenesta • Lærdalsøyri

Vor Ort
NOK 520.000 - 640.000
Er du barnehagelærar og på jakt etter nye utfordringar? Då vil me gjerne høyre frå deg.
Er du barnehagelærar og på jakt etter nye utfordringar? Då vil me gjerne høyre frå deg.

Anne Magrete Hatlelid • Lærdalsøyri

Vor Ort
NOK 520.000 - 640.000
Gode pensjonsordningar
Gode personforsikringar
Løn i tråd med KS-tariffavtale
Barne- og ungdomsarbeidar
Barne- og ungdomsarbeidar

Elisabeth Øynebråten Bekkedal • Aurlandsvangen

Vor Ort
Confidential
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Utfordrande stilling med utviklingsmuligheter
Gratis inngang til treningsrom
Rådgjevar i helse og omsorg
Rådgjevar i helse og omsorg

Aurland kommune • Aurland

Vor Ort
NOK 520.000 - 760.000
Gratis treningsrom og svømmehall
Pensjons- og forsikringsordningar
Personleg assistent
Personleg assistent

Catrine Moberg-Jordalen • Aurland

Vor Ort
Confidential
Lønn etter tariff
Gode pensjonsordningar
Gratis inngang til treningsrom
+1
Reinhaldar
Reinhaldar

May Helen Andreassen Sverdrup • Onstad

Vor Ort
NOK 360.000 - 480.000
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Fleksitidsordning
Gratis inngang til trimrom og basseng
Barne- og ungdomsarbeidar – engasjert i meistring & utvikling
Barne- og ungdomsarbeidar – engasjert i meistring & utvikling

Elisabeth Øynebråten Bekkedal • Aurlandsvangen

Vor Ort
Confidential
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Utfordrande stilling med utviklingsmuligheter
Gratis inngang til treningsrom