Don’t send a generic resume — generate a resume and cover letter tailored to this exact role.
Aurland kommune søker ein engasjert rådgjevar i helse og omsorg som kan styrke utviklingsarbeidet. Stillinga er fast 100% og kontorstad ved Aurland omsorgssenter.
Du blir ein viktig støttespelar for leiinga, med ansvar for kvalitet, internkontroll og å legge til rette for digitalisering og betre tenesteutvikling. Det er rom for utvikling og fagleg påverknad i eit triveleg arbeidsmiljø.
Vi har ledig fast 100% stilling som rådgjevar frå snarast.
Vi søker ein engasjert og sjølvstendig rådgjevar i kommunalområde helse og omsorg.
Du vil spele ei viktig rolle i å styrke utviklingsarbeidet, og vi ser etter ein rådgjevar som brenn for forbetrings- og kvalitetsutvikling. Det er viktig at du er allsidig og ikkje redd for å ta eit tak der det trengst. Du bør trivast med varierte oppgåver og ha moglegheit for læring. Hjå oss vil du få breidde i oppgåver og ansvarsområde.
Stillinga har kontorstad ved Aurland omsorgssenter og rapporterer til kommunaleiar for helse og omsorg.
I Aurland kan du få inntil kr 25 000 i årleg avskriving av studielånet ditt frå og med 2026. Som arbeidstakar og busett i ein distriktskommune kan du ha rett til å få sletta delar av studielånet gjennomLånekassen si nye ordning for distriktskommunar.Sjå meir informasjon ved å fylgje lenka:
Vi vil legge vekt på at du er eigna til stillinga, og vil at du:
Aurland kommune nyttar nynorsk som målform. Særskilt god skriftleg, og munnleg, framstillingsevne er viktig i stillinga.
Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkarlister til ledige stillingar. Søkarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkarlista, må krysse av for dette og grunngje valet i søknadsteksten. Me tek kontakt med søkarar som har bedt om dette, dersom me meinar at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg.
Mangfald kan gje oss eit breiare perspektiv. Medarbeidarar med ulik livserfaring og fagkombinasjonar kangjere oss i stand til å finne gode løysingar i kommunen vår. Me oppfordrar derfor alle til å søke jobb utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søke sjølv om du ikkje kan syne til ei samanhengende yrkeskarriere.
Me ynskjer deg velkomen som arbeidssøkar i Aurland kommune.
Aurland kommune ligg vakkert til ved Sognefjorden, sentralt ved E16 mellom Oslo og Bergen. Vi ønsker å vere Noreg si fremste kommune på heilårsturisme, og har eit mangfaldig næringsliv i vekst. Vi er om lag 1 900 innbyggjarar fordelt på bygdene Aurlandsvangen, Undredal, Flåm, Gudvangen og Vassbygdi. Aurland kommune satsar spesielt på trygge oppvekstkår, nærings- og bustadutvikling og god tenesteyting. Kommunen har gode kultur- og idrettstilbod både for små og store, som til dømes kino, basseng, kulturskule, klatring, handball, fotball, friidrett og boksing.
Aurland er ei naturperle og ideelt for fjellturar, jakt og fiske. Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden er på UNESCO si verdsarvliste for det spektakulære fjell- og fjordlandskapet. Det er kort veg til Myrkdalen, Vatnahalsen, Sogndal og Hemsedal om du likar å gå langrenn eller vil i slalåmbakken. Vil du nyte god mat, har me restaurant, kafé, bryggeri, og bakeri.

Rettleiar ved Nav Aurland og Lærdal - fast stilling