100 % fast stilling som rettleiar ved Nav Aurland og Lærdal

Lærdal kommune Nav

Lærdalsøyri

On-site

NOK 480,000 - 600,000

Full time

14 days+
Application generator

Stand out for this role — generate a tailored resume and cover letter in about a minute.

Get past ATS filters

Benefits offered by this job

Løn etter kvalifikasjonar
Pensjons- og forsikringsordningar
Fleksibel arbeidstid
Spennande arbeidsoppgåver
Støttande arbeidsmiljø
Offentlege velferdsordningar

Job summary

Nav Aurland og Lærdal søker ein rettleiar til fast stilling frå 1. desember 2026. Arbeidsstad er ved Nav Aurland og Lærdal, og du må vere til stades i begge kontora. Tilsette består av eit bra team som gir rettleiing og oppfølging til sjølvstendig meisling av brukarane.

Du har bachelorutdanning, god skriftleg og munnleg framstilling, IKT-kunnskapar og evne til å byggje gode relasjonar. Arbeidet krev initiativ, struktur og robustheit i møte med utfordringar.

Qualifications

  • Minimum bachelorutdanning frå universitet eller høgskule.
  • Sosialfagleg utdanning er ynskjeleg, men anna relevant utdanning som pedagogikk, helsefag eller tilsvarande vil bli vurdert.
  • Erfaring innan offentleg forvaltning er ynskjeleg, og særleg positivt om erfaringa er knytt til Nav eller anna sosialfagleg arbeid.
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne.
  • Gode IKT kunnskapar – kan handtere ulike digitale fagsystem etter opplæring.
  • Førarkort klasse B.
  • Du er initiativrik, sjølvstendig og har evne til å byggje gode relasjonar med brukarar og samarbeidspartnarar.
  • Du er strukturert og målretta.
  • Du er robust og handterer krevjande situasjonar.

Responsibilities

  • Oppfølging og rettleiing av personar som treng bistand for å kome i arbeid, aktivitet eller utdanning.
  • Sakshandsaming etter lov om sosialtenester i Nav og andre relevante lover og forskifter.
  • Sakshandsaming av Husbankordningar, som bustøtte og startlån.
  • Kartlegging, motivasjonsarbeid og individuell oppfølging.
  • Samarbeid med arbeidsgjevarar, helsetenester, utdanningsinstitusjonar og andre samarbeidspartnarar.
  • Andre arbeidsoppgåver kan bli lagt til stillinga etter behov.

Skills

Initiativrik
Sjølvstendig
Relasjonsbygging
Gode IKT kunnskapar
Strukturert
Målretta

Education

Bachelorutdanning frå universitet eller høgskule
Sosialfagleg utdanning ynskjeleg

Tools

Digitale fagsystem

Job description

100 % fast stilling som rettleiar ved Nav Aurland og Lærdal

Stillingstittel Rettleiar ved Nav Aurland og Lærdal - fast stilling

I Lærdal bur me ikkje meir enn rundt 2 200 menneske, men jammen skjer det mykje her! Store marknadar, musikkfestival, matfestival, gytefestival (Du får berre googla), varierte konsertar, motbakkeløp, terrengløp, fotballcup med gamle stjerner, vårfest og mykje anna.

Me har majestetiske fjell med eit vel av fantastiske turalternativ både til fots og på ski, masse fiskevatn og gode jaktmoglegheiter. Og me har eit koseleg sentrum heilt ned til fjorden med gamle, søte trehus. På dei mange åkrane i dalen dyrkar dyktige bønder poteter, grønsaker, bær og frukt i rikt monn.

Kommunen vår er faktisk veldig sentralt plassert – tre timars køyring til Bergen ein veg, fire timars køyring til Oslo andre vegen. Dessutan ligg «bygdebyen» Sogndal og turistmagneten Aurland berre ein dryg halvtime unna. Og me har lokalsjukehus.

Har du lyst til å vera rettleiar ved Nav Aurland og Lærdal?

Nav Aurland og Lærdal har ledig 100 % fast stilling som rettleiar frå 1. desember 2026.

Lærdal kommune er vertskommune for Nav-kontora i Lærdal og Aurland, og du vert formelt tilsett i Lærdal kommune. Arbeidsstad er ved Nav Aurland og Lærdal, og du må rekne med å vere til stade i begge kontora.

Nav Aurland og Lærdal har totalt 8 tilsette, inkludert flyktningtenesta og to statlege stillingar. Me er ein god miks av ulik fagkompetanse, fagområde, kjønn og perspektiv. Dette gjev oss eit spennande, lærerikt og triveleg arbeidsmiljø der me spelar kvarandre gode.

Nav er i kontinuerleg utvikling både fagleg og organisatorisk. I løpet av 2027 er det planlagt etablering av eit regionalt vertskommunesamarbeid mellom Nav-kontora i Aurland, Lærdal, Årdal, Vik og Luster. Som tilsett ved Nav Aurland og Lærdal kan du difor verte ein del av ei spennande utviklingsreise og bli omfatta av verksemdsoverdraging i tilsetjingsperioden.

Utdanning/kvalifikasjonar/eigenskapar
  • Minimum bachelorutdanning frå universitet eller høgskule.
  • Sosialfagleg utdanning er ynskjeleg, men anna relevant utdanning som pedagogikk, helsefag eller tilsvarande vil bli vurdert.
  • Erfaring innan offentleg forvaltning er ynskjeleg, og særleg positivt om erfaringa er knytt til Nav eller anna sosialfagleg arbeid.
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne.
  • Gode IKT kunnskapar – kan handtere ulike digitale fagsystem etter opplæring.
  • Førarkort klasse B.
  • Du er initiativrik, sjølvstendig og har evne til å byggje gode relasjonar med brukarar og samarbeidspartnarar.
  • Du er strukturert og målretta.
  • Du er robust og handterer krevjande situasjonar.
Arbeidsoppgåver
  • Oppfølging og rettleiing av personar som treng bistand for å kome i arbeid, aktivitet eller utdanning.
  • Sakshandsaming etter lov om sosialtenester i Nav og andre relevante lover og forskifter.
  • Sakshandsaming av Husbankordningar, som bustøtte og startlån.
  • Kartlegging, motivasjonsarbeid og individuell oppfølging.
  • Samarbeid med arbeidsgjevarar, helsetenester, utdanningsinstitusjonar og andre samarbeidspartnarar.
  • Andre arbeidsoppgåver kan bli lagt til stillinga etter behov.

Dagtidsarbeid, 37,5 t per veke

Me tilbyr
  • Løn etter kvalifikasjonar og avtale - med utgangspunkt i KS sin garantilønstabell kap. 4.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP.
  • Fleksibel arbeidstid utanom kjernetida.
  • Spennande og meiningsfylte arbeidsoppgåver innan eit viktig samfunnsområde.
  • Eit aktivt, støttande og engasjert arbeidsmiljø med brei fagkompetanse.
  • Statlege velferdsordningar for dei kommunale tilsette i Nav.
Det kan nemnast at Lærdal kommune mellom anna har:
  • Gratis fulltids-SFO for 1. -og 2.klassingar, gratis deltids-SFO for 3.klasse,
  • Gratis kommunale bustadtomter rett ved Borgund sentrum, og
  • Eit variert kommunalt kulturprogram i tillegg til alt det andre som skjer i bygda

Les meir om Lærdal ved å klikka på denne lenkja

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at dei tilsette hjå oss skal spegla samansettjinga i resten av befolkninga. Me oppmodar alle kvalifiserte søkjarar til å søkja stilling hjå oss, uavhengig av alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter at søknadsfristen har gått ut, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste. Lista inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel, samt bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak fra innsyn i opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan likevel verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om å ikkje stå oppført på søkjarlista. Dersom anmodninga ikkje vert teken til følgje, vil søkjaren verta varsla om dette.

I Lærdal kan du leva det gode liv saman med 2 200 andre lærdøler. Vår vakre bygd inst i Sognefjorden ligg midt mellom Oslo og Bergen . Store fjell- og utmarksområde byr på eit aktivt friluftsliv. Lærdal er ei kulturbygd med ein rik kulturarv. Vi kan nemne Borgund stavkyrkje, dei historiske vegane og gamle Lærdalsøyri.

Get your free, confidential resume review.

or drag and drop your file here.

Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Vil du vere bindeleddet som får tenestene til å henge saman?
Vil du vere bindeleddet som får tenestene til å henge saman?

Lærdal kommune Bu- og miljøtenesta • Lærdalsøyri

On-site
NOK 520,000 - 640,000
100 % fast stilling som rettleiar ved Nav Aurland og Lærdal
100 % fast stilling som rettleiar ved Nav Aurland og Lærdal

Turid Stigen Sørensen • Lærdalsøyri

On-site
NOK 420,000 - 540,000
Løn etter kvalifikasjonar
Pensjonsordningar
Fleksibel arbeidstid
+3
Er du barnehagelærar og på jakt etter nye utfordringar? Då vil me gjerne høyre frå deg.
Er du barnehagelærar og på jakt etter nye utfordringar? Då vil me gjerne høyre frå deg.

Arbeidsplassen • Lærdalsøyri

On-site
NOK 420,000 - 520,000
Gode pensjonsordningar
Gode personforsikringar
Muligheit til fagleg utvikling
Vil du vere bindeleddet som får tenestene til å henge saman?
Vil du vere bindeleddet som får tenestene til å henge saman?

Ingvill Sjøthun • Lærdalsøyri

On-site
NOK 520,000 - 700,000
Løn i tråd med KS
Gode pensjonsordningar
Gode personforsikringar
+2
Rådgjevar i helse og omsorg
Rådgjevar i helse og omsorg

Aurland kommune • Aurland

On-site
NOK 520,000 - 760,000
Gratis treningsrom og svømmehall
Pensjons- og forsikringsordningar
Ledig stilling
Ledig stilling

Toril Grøthe • Lærdalsøyri

On-site
NOK 650,000 - 750,000
Gode pensjonsordningar i KLP
Gode personforsikringar
Tilbod om rekrutteringstilskot 60 000
+2
Fastlege ved Årdal legekontor
Fastlege ved Årdal legekontor

Arbeidsplassen • Årdalstangen

On-site
NOK 900,000 - 1,100,000
Pensjonsordning
Hjelp til bustad
Bedriftshytte-utleige
+1
Er du barnehagelærar og på jakt etter nye utfordringar? Då vil me gjerne høyre frå deg.
Er du barnehagelærar og på jakt etter nye utfordringar? Då vil me gjerne høyre frå deg.

Anne Magrete Hatlelid • Lærdalsøyri

On-site
NOK 520,000 - 640,000
Gode pensjonsordningar
Gode personforsikringar
Løn i tråd med KS-tariffavtale
Fastlege ved Årdal legekontor
Fastlege ved Årdal legekontor

Malin Partenyi • Årdalstangen

On-site
NOK 1,000,000 - 1,300,000
Pensjon og forsikring
Bustadtilbod
Hytteutleige Skeikampen
+1
Fagleder, Bolig og sosiale tjenester
Fagleder, Bolig og sosiale tjenester

Larvik • Larvik

Hybrid
NOK 700,000 - 900,000