Turn this role into an interview — a resume and cover letter built around what this employer wants.
Fjord1 - Maritim Drift søkjer etter ein erfaren matros til ressursgruppa i Vestland-regionen med fast turnus og 100% stilling. Du får ansvar for daglege arbeidsoppgåver om bord, inkludert billettering, bruvakt og skift mellom dekk og maskin.
Tenesta inkluderer varierte oppgåver på fleire samband, krav til tryggleik og service, og lønn etter avtale med NHOs Sjøfart og Norsk Sjømannsforbund. Vi tilbyr fast ansettelse og konkurransedyktige vilkår.
Fjord1 har no ledig stilling som matros i ressursgruppa for våre samband i region Vestland.
Stillinga har fast turnus med 2 veker på arbeid og 2 veker fri, noko som gir moglegheiter for ein god balanse mellom jobb og fritid. Du vil få fast lønn, gode arbeidsvilkår og 84‑timars arbeidsavtale.
I stillinga er må du disponerer eigen bil då arbeidet omfattar teneste på fleire samband på Vestlandet. Fjord1 dekker reiseavstand som overstig 15 km mellom arbeidsstad og bustad, etter dei retningslinjene som er fastsette. Du må og vere busett i regionen eller sjølv kunne sørgje for ein stad å bu, då rederiet ikkje tilbyr bustad.
Som matros i ressursgruppa vil du vere utsjekka på både hovudfartøy og reservefartøy, og du vil tenestegjere på ulike samband etter behov. Arbeidskvardagen blir variert, med ulike fartøy, ruter og utfordringar, noko som krev at du er erfaren, dyktig og trygg i rolla som matros. Du handterer lasting og lossing på ein sikker måte, held utkikk, og bidreg til vedlikehald som sikrar at alt fungerer som det skal.
Ønskeleg med oppstart snarest.
19.10.2026
Fjord1 - Maritim Drift
Bergen
Matros i ressursgruppa, region Vestland
1
Heiltid
Fast
100
5189512310
Del på X
Del på LinkedIn
Del på Facebook
Del på e-post
Rederiet dekkjer kurs i krise- og passasjerhandtering for den som er aktuell for stillinga.
Vi ser etter ein erfaren, påliteleg og løysingsorientert matros som trivst med samarbeid, men som òg kan ta ansvar og jobbe sjølvstendig når situasjonen krev det. Du set alltid tryggleik og service først, har evna til å tenkje raskt og finne gode løysingar, og viser vilje til å lære og stå på når det trengst. Erfaring fra ferge er ein fordel.
Adresse: Strandkaien, 5013 Bergen, Norge
Rekrutteringsmedarbeider
Telefon: 47887896
E-post: benedicte.ellingsen@fjord1.no
Ute på kysten og inne i fjordane skjer det noko kvar dag. Folk skal fram. Varer skal fram. Samfunn skal fungere. Vi i Fjord1 er ein stolt del av dette. Kvar dag sørger vi for trygge, stabile og stadig meir berekraftige samband – mellom menneske og stader, mellom by og land. Vi kan ferje. Hurtigbåt. Reiseliv. Og ja – vi kan kiosk og svele òg!
Hos oss blir du ein del av eit stort og dyktig fagmiljø der ansvar, samarbeid og stoltheit står sterkt, enten du jobbar på sjøen, i byggjetilsyn, på kontoret eller i kontrollsenteret.
Fjord1 har lenge vore ein pådrivar i det grøne skiftet i den maritime næringa. No treng vi fleire som vil vere med å tenke nytt, lære og utvikle seg saman med oss. Her får du påverke, bidra og vekse. Vi heiar på initiativ, utvikling og mangfald.
Med ei lang stolt historie langs kysten og kontor i Florø, Bergen og Molde er vi tett på både naturen, lokalsamfunna og oppgåvene våre. Saman med over 1100 kollegaer har vi ein arbeidsplass prega av tillit, innovasjon og moglegheiter.