Kunderådgjevar personmarknad

Torunn Steimler

New Jersey

On-site

USD 75,000 - 97,000

Full time

5 days ago
Be an early applicant
Application generator

Get a reply from this employer — a resume and cover letter tailored to exactly what they’re hiring for.

Get past ATS filters

Job summary

SpareBank 1 Sogn og Fjordane i Bergen søker rådgivere som kan bygge og utvikle sin egen kundeportefølje, og tilby rådgivning innen lån, sparing og forsikring.

Du vil samarbeid med kollegaer og fagområde for å skape gode kundeopplevingar, bidra til vekst i personmarknaden i Bergen og omland, og få korte avgjerdsvegar med høgt ansvar.

Dette er ei satsing der du får aukt ansvar og moglegheiter til fagleg og personleg utvikling.

Qualifications

  • Relevant høgare utdanning er ein fordel.
  • Autorisasjon som finansiell rådgivar er ønskjeleg, men ikkje eit krav.

Responsibilities

  • Bygge og utvikle di eiga kundeportefølje
  • Gi rådgiving innan lån, sparing og forsikring
  • Skape nye kunderelasjonar og vidareutvikle eksisterande kundeforhold
  • Bidra til vekst og utvikling i personmarknaden i Bergen
  • Samarbeide tett med kollegaer og fagområde for å skape gode kundeopplevingar

Skills

Relasjonsbygging
Kommersiell teft
Rådgivning
Kundetilfredshet

Education

Relevant høgare utdanning
Autorisasjon som finansiell rådgivar

Job description

Vi skal bli større i Bergen. Vil du vere med?

Vi i SpareBank 1 Sogn og Fjordane har ambisjonar om å ta ein sterkare posisjon i Bergen, og har nyleg styrka satsinga vår gjennom oppkjøp av ei større eigedomsmeklarverksemd. Dette gir oss fleire kundemøter, flere moglegheiter og eit breiare grunnlag for vekst.

No ser vi etter rådgjevarar som vil vere med på neste fase. Vi ser etter deg som skapar relasjonar, utviklar di eiga kundeportefølje og får resultat. Du blir motivert av å vinne kundar, byggje tillit over tid og sjå at eigen innsats gir konkrete resultat.

Vi har klare ambisjonar for Bergen. Målet er å få fleire kundar, styrke markedsposisjonen vår og byggje eit endå sterkare rådgjevarmiljø.

For å lukkast treng vi tilsette som kombinerer kommersiell teft med evna til å skape gode kundeopplevingar. Hos oss får du jobbe med hele breidda av tenestene til banken innan lån, sparing og forsikring, samtidig som du dreg nytte av eit tett samarbeid med spesialistar og eit breitt fagmiljø.

Ønskjer du større påverknadskraft, kortare veg til avgjerder og høve til å vere med på å forme ei satsing i vekst, bør du søke på denne stillinga.

Dette skal du jobbe med
  • Bygge og utvikle di eiga kundeportefølje
  • Gi rådgiving innan lån, sparing og forsikring
  • Skape nye kunderelasjonar og vidareutvikle eksisterande kundeforhold
  • Bidra til vekst og utvikling i personmarknaden i Bergen
  • Samarbeide tett med kollegaer og fagområde for å skape gode kundeopplevingar
Kven ser vi etter?

Du bygger relasjonar og skapar tillit. Du er nysgjerrig på behova til kundane, ser moglegheiter og likar å finne gode løysingar.

Det er ein fordel om du jobbar som rådgjevar i bank i dag, eller ein anna jobb der forsikring, eigedom, rådgjeving, relasjonar og kundeutvikling står sentralt. Det viktigaste for oss er likevel at du har driv, kommersiell forståing og lyst til å vere med på å bygge noko.

Du blir motivert av å skape resultat, ta initiativ og utvikle relasjonar over tid. Du ønskjer også å bidra til eit miljø der ein deler kompetanse, utfordrar kvarandre og lukkast saman.

Relevant høgare utdanning er ein fordel. Autorisasjon som finansiell rådgivar er ønskjeleg, men ikkje eit krav.

Kvifor velje oss?

Det finst mange rådgjevarjobbar i Bergen. Dette er eit høve til å vere med på ei satsing.

Du blir ein del av eit etablert team med ambisjonar om vidare vekst. Du får påverke korleis vi utviklar satsinga på personmarknaden i Bergen og omland i åra som kjem.

Hos oss får du korte avgjerdsvegar, stor grad av tillit og høve til å ta ansvar. Vi trur dei beste resultata blir skapt når flinke folk får handlingsrom til å utvikle seg.

Som fast tilsett blir du òg medeigar i banken. Du får gode vilkår for tilsette på lån, sparing og forsikring, fleksibilitet i arbeidskvardagen og gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling.

Høyrest dette interessant ut? Ta ein uforpliktande prat med banksjef Torunn Steimler. Vi fortel gjerne meir om ambisjonane våre i Bergen og moglegheitene som ligg framfor oss.

Søknadsfrist: 7. oktober

Vi går gjennom søknadene fortløpande, så ikkje vent med å søke!

Vi gjennomfører bakgrunnssjekk for å verifisere opplysningar som kjem fram i CV-en og tilgjengeleg dokumentasjon. Bakgrunnssjekken blir gjennomført av Semac AS etter at kandidaten er orientert om og har samtykt til dette.
Søkaren som får tilbod om stillinga, må legge fram politiattest.

Get your free, confidential resume review.
or drag and drop your file here.
Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Rådgjevar i Bergen: bygg din eigen kundeportefølje
Rådgjevar i Bergen: bygg din eigen kundeportefølje

Torunn Steimler • New Jersey

On-site
USD 75,000 - 97,000
Regnskapsmedarbeider -- en spennende mulighet enten du er nyutdannet eller har erfaring
Regnskapsmedarbeider -- en spennende mulighet enten du er nyutdannet eller har erfaring

Arbeidsplassen • Norge (OK)

On-site
USD 46,000 - 70,000
Skaderådgiver
Skaderådgiver

If • Norge (OK)

Hybrid
USD 56,000 - 73,000
Hybrid arbeid
Gode personalforsikringer og pensjons-
Sosiale arrangementer
Vi søker erfaren frontend-utvikler
Vi søker erfaren frontend-utvikler

Bouvet ASA • New Jersey

On-site
USD 97,000 - 118,000
Attraktiv overskuddsdelingsordning
Medeierskap gjennom aksjeprogram
Sales Assistant
Sales Assistant

XXL Sport & Villmark • Norge (OK)

Hybrid
USD 37,000 - 52,000
Økonomi- / administrasjonskonsulent
Økonomi- / administrasjonskonsulent

Folkebladet • Town of Norway (WI)

On-site
USD 48,000 - 66,000
Lønn i henhold til tariffavtale
Gode pensjonsordninger
Fleksibel arbeidstid
Økonomi- / administrasjonskonsulent
Økonomi- / administrasjonskonsulent

Vesterålen Online • Town of Norway (WI)

On-site
USD 53,000 - 70,000
Gode pensjonsordninger
Fleksibel arbeidstid
Variert arbeidsoppgaver
Økonomi- / administrasjonskonsulent
Økonomi- / administrasjonskonsulent

Itromso • Town of Norway (WI)

On-site
USD 50,000 - 70,000
Pension scheme
Flexible working hours
Økonomi- / administrasjonskonsulent
Økonomi- / administrasjonskonsulent

Framtidinord • Town of Norway (WI)

On-site
USD 48,000 - 65,000
Gode pensjonsordninger
Fleksibel arbeidstid
Varierte arbeidsoppgaver
Kjell & Company Triaden søker selger
Kjell & Company Triaden søker selger

Kjell & Co Elektronik AB • Town of Norway (WI)

On-site
USD 26,000 - 38,000
Bonussystem
Helsebidrag
Personalrabatt
+1