Voss barnehage søkjar deg!

Voss herad Voss barnehage

Vossavangen

On-site

NOK 480,000 - 560,000

Full time

3 days ago
Be an early applicant

A complete application in a minute

Tailored resume and cover letter, ready to send.

Get past ATS filters

Benefits offered by this job

Engasjerte kollegaer
Godt arbeidsmiljø
Støtte frå ledelse og læring

Job summary

Voss barnehage søkjer ein engasjert fagarbeidar til eit 100 % vikariat med snarleg oppstart. Stillinga varer fram til 31.07.2027, og ein kan verta forlenga. Du blir del av eit tverrfagleg team som arbeider tett opp mot tre barn med autisme.

Voss barnehage har 104 barn og 37 tilsette, og me har eit sterkt fagmiljø med fokus på utvikling og tilbakemeldingskultur. Hos oss får du god oppfølging, fagleg utvikling og eit inkluderande arbeidsmiljø.

Qualifications

  • Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar er ønskjeleg.
  • Erfaring med eller interesse for arbeid med barn med særskilde behov, spesielt autisme.
  • Assistent med relevant erfaring vil bli vurdert.

Responsibilities

  • Arbeid med og oppfølging av barn med autismespekterforstyrring.
  • Delta i planlegging, gjennomføring og vurdering av pedagogisk arbeid.
  • Samarbeid med føresette, kollegaer og andre relevante faginstansar.
  • Delta i daglege rutinar og aktivitetar i barnehagen.

Skills

Barne- og ungdomsarbeidar
Relasjon bygging
Samarbeid i tverrfagleg team

Education

Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar

Job description

Voss barnehage søkjer ein engasjert fagarbeidar til ei 100 % vikariat med snarleg oppstart. Stillinga varer fram til 31.07.2027 (kan verta forlenga).Du bli eld del av eit tverrfagleg team som arbeider tett opp mot tre barn med autisme. Teamet er sett saman av barnehagelærarar og fagarbeidarar.

Hjå oss møter du dyktige kollegaer og vakker natur rett utenfor døra. Me har eit fagmiljø som er oppteke av utvikling, og er i oppstarten av eit prosjektarbeid med "Kollektiv kompetanseheving". Dette er eit samarbeid med høgskulen på Vestlandet med fokus på barnehagen som ein lærande organisasjon. Me har òg stort fokus på tilbakemeldingskultur i barnehagen.Lesing og språkutvikling er felles satsingsområde for dei kommunale barnehagane i heradet, der me har som mål at alle barn skal bli lest for kvar dag. Barnehagen sin eigen visjon er "Vennskap og meistring"; at alle born skal ha nokon å leika med , og oppleva meistring kvar dag.

Hjå oss møter du dyktige kollegaer og vakker natur rett utenfor døra. Me har eit fagmiljø som er oppteke av utvikling, og er i oppstarten av eit prosjektarbeid med "Kollektiv kompetanseheving". Dette er eit samarbeid med høgskulen på Vestlandet med fokus på barnehagen som ein lærande organisasjon. Me har òg stort fokus på tilbakemeldingskultur i barnehagen.Lesing og språkutvikling er felles satsingsområde for dei kommunale barnehagane i heradet, der me har som mål at alle barn skal bli lest for kvar dag. Barnehagen sin eigen visjon er "Vennskap og meistring"; at alle born skal ha nokon å leika med , og oppleva meistring kvar dag.

Voss barnehage har 104 barn og vi er 37 tilsette. Arbeidsmiljøet er prega av mykje humor og nærvær.

Hjå oss får du:
  • Engasjerte og dyktige kollegaer
  • Eit godt arbeidsmiljø med mykje humor
  • Tett støtte frå pedagogiske leiare og styrarane
  • Moglegheit til fagleg utvikling gjennom eksterne kurs, rettleiing og intern kompetanseheving
Som tilsett i Voss herad får du:
  • Rettleiing for nytilsette
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Løn etter kommunalt avtaleverk og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
Arbeidsoppgåver
  • Arbeid med, og oppfølging av barn med autismespekterforstyrring
  • Delta aktivt i planlegging, gjennomføring og vurdering av det pedagogiske arbeidet
  • Samarbeid med føresette, kollegaer og andre relevante faginstansar
  • Delta i daglege rutinar og aktivitetar i barnehagen
Kvalifikasjonar
  • Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar er ynskjeleg
  • Erfaring med, eller interesse for arbeid med barn med særskilde behov, spesielt autisme, er ynskjeleg
  • Assistent med relevant erfaring og personlege eigenskapar vil bli vurderte
Me ser etter deg som:
  • Har evne til å byggje gode relasjonar med barn, føresette og kollegaer.
  • Kan arbeide sjølvstendig, samstundes som du samarbeider godt med andre.
  • Er fleksibel og løysingsorientert i ein variert kvardag.
  • Tek initiativ og bidreg aktivt til eit godt arbeidsmiljø.
  • Kan reflektere over eigen praksis og er open for fagleg utvikling.

Vil du vere med og gjere ein viktig forskjell i barna sin kvardag? Då håpar vi du søkjer. Hos oss får du arbeide i eit sterkt fagmiljø, tett på barn som treng trygge relasjonar, og vere med på å skape utvikling, meistring og gode dagar for dei som har størst behov for det.

Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til intervju. Politiattest må leggjast fram før tiltreding.

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.

Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som innehold namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar.
I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.

Livet er meir enn arbeid. På Voss kan du gå på ski om vinteren eller på fjelltur om sommaren, nokon et smalahove, høyrer på jazz eller driv med ekstremsport.Vossevangen er regionsenteret vårt. Me har eit godt utbygt næringsliv, er eit senter for utdanning i regionen og me er eit knutepunkt mellom aust og vest. Bergensbanen går gjennom Vossevangen, og me har godt togsamband til både Bergen og Oslo.Voss herad har om lag 16.000 innbyggjarar og er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i Voss herad.Verdiane våre er profesjonell - påliteleg - skapande - inkluderande

Get your free, confidential resume review.

or drag and drop your file here.

Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Bli med på laget i Voss barnehage
Bli med på laget i Voss barnehage

Voss herad Voss barnehage • Vossavangen

On-site
NOK 520,000 - 640,000
Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Naturen som læringsarena
Rettleiing for nytilsette/nyutdanna
Vikariat i Evanger og Bolstad barnehagar
Vikariat i Evanger og Bolstad barnehagar

Voss herad Evanger barnehage • Evanger

On-site
NOK 420,000 - 520,000
Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Fast stilling som kontaktperson i Voss barnevernteneste
Fast stilling som kontaktperson i Voss barnevernteneste

Voss herad Barneverntenesta • Voss

On-site
NOK 450,000 - 600,000
Fagutvikling
Tverrfaglig miljø
Dyktige kollegaer
+2
Palmafossen skule
Palmafossen skule

Voss herad Palmafossen skule • Voss

On-site
NOK 360,000 - 420,000
Fagleg utvikling
Dyktige kollegaer
Tverrfagleg miljø
+2
Nye Nyhagen
Nye Nyhagen

Voss herad Nyhagen • Voss

On-site
NOK 480,000 - 540,000
Rekrutteringstillegg på kr 16 000 for
Pensjonsordningar
Yrkes-skade- og gruppelivsforsikring
+2
Nyhagen
Nyhagen

Voss herad Nyhagen • Voss

On-site
NOK 520,000 - 640,000
Gode pensjonsordningar
Rekrutteringstillegg 16 000 kr
Pedagogisk leiar
Pedagogisk leiar

Voss herad Klausabakken barnehage • Vossavangen

On-site
NOK 420,000 - 540,000
Lojalt arbeidsmiljø
Fagleg utvikling
Løn og pensjon
+1
Hagahaugen rehabilitering søkjer sjukepleiar
Hagahaugen rehabilitering søkjer sjukepleiar

Voss herad Rehabiliteringsavdeling, Hagahaugen • Vossavangen

On-site
NOK 540,000 - 640,000
Rekrutteringstillegg kr 30.000
Forsikrings- og pensjonsavtale
Lønn og vilkår etter tariff
+1
Nattevakt 50%
Nattevakt 50%

Voss herad Voss sjukeheim langtidsavdelinga • Vossavangen

On-site
NOK 250,000 - 320,000
Fagleg utvikling
Samarbeidsmiljø
Forsikrings- og pensjonsordningar
+1
Familieterapeut
Familieterapeut

Voss herad Barne og familiehjelpa • Borstrondi

On-site
NOK 550,000 - 700,000
Pensjons- og forsikringsordningar
Løn etter gjeldande avtaleverk
Inkluderande arbeidsmiljø
Top locations