Eine vollständige Bewerbung in einer Minute
Maßgeschneiderter Lebenslauf und Anschreiben – versandbereit.
Voss herad i området Vest på Voss Sjukeheim let etter helsearbeidarar til langtidsavdelinga. Fast nattestilling på 50 % med nattvakter kvar tredje helg, tilsetjast på vanlege kommunale vilkår og med gode sosiale og forsikringsmessige ordningar.
Stillinga krev norsk autorisasjon og gode norskkunnskapar, samt vilje og energi til å vidareutvikle tenestene og bidra i eit godt arbeidsmiljø. Søkjarar med geriatriinteresse vert spesielt oppmoda om å søkja.
Område Vest er lokalisert på Voss Sjukeheim. Det er gangavstand frå sentrum og togstasjonen.Avdelinga med ledige stillinger er ei langtidseining med 30 bebuarar delt på 2 etasjer. Fast stilling på natt er i heile langtidsavdelinga 3. og 4. etg. Stillinga har vakter 2. kvar helg. Alternativt 3. kvar helg på natt, kombinert med dag eller kveldsvakter i vekedager. Stillinga er på 50 % fra 4.1.27 eller etter avtale. Søknader behandlast fortløpande.
I tillegg må du ha stå på vilje, arbeidslyst, energi og ynskje om å videreutvikle våre tenester og bidra i arbeidsmiljøetvårt. Godkjend politiattest må framleggjast før tiltreding i stillinga

Voss herad ynskjer eit større aldersmangfald mellom dei tilsette, og oppmodar difor yngre arbeidstakarar om åsøkje.
Heradert har eit personalpolitisk mål om at arbeidsstaben skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt, bådenår det gjeld kjønn og kulturelt mangfald.
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som innehold namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar.I fylgje Offentleglova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Livet er meir enn arbeid. På Voss kan du gå på ski om vinteren eller på fjelltur om sommaren, nokon et smalahove, høyrer på jazz eller driv med ekstremsport.Vossevangen er regionsenteret vårt. Me har eit godt utbygt næringsliv, er eit senter for utdanning i regionen og me er eit knutepunkt mellom aust og vest. Bergensbanen går gjennom Vossevangen, og me har godt togsamband til både Bergen og Oslo.Voss herad har om lag 16.000 innbyggjarar og er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i Voss herad.Verdiane våre er profesjonell - påliteleg - skapande - inkluderande