Erhalte eine Antwort von diesem Arbeitgeber
Dein Lebenslauf und dein Anschreiben, genau auf das zugeschnitten, was gesucht wird.
Klausabakken barnehage søkjer pedagogisk leiar i 100% stilling ved Klausabakken barnehage i Voss. Stillinga inneber leiing av det pedagogiske arbeidet og utvikling av eit trygt leik- og læringsmiljø for barna, med fokus på variert ute- og inneaktivitet. Ta del i samarbeid med tilsette og bidra til kontinuerlig utvikling av borettslag.
Om oss: me ynskjer eit inkluderande arbeidsmiljø i Voss kommune. Krav: bachelor i barnehagelærer, gode norskkunnskapar og politiattest før tiltreding.
Får du energi av barnelatter, gode relasjonar og dagar som aldri er heilt like?
Er du typen som likar å vera ute i all slags ver, kan syngja ein barnesong utan å blunka, og veit at den beste kjensla er å sjå barn meistra noko for aller fyrste gong?
Ler du (litt) når du eigentleg skulle vore alvorleg, elskar at jobben gjev deg hundrevis av magiske augeblikk, og er den trygge vaksne som gjer ein forskjell kvar dag?
Me har ledig vikariat 100%, som pedagogisk leiar. Tilsetting etter avtale , eller så snart som mogeleg.

Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partner du vil ha med deg, finn gode argument for kvifor de skal flytta hit på Hardanger og Voss kallar . Her ligg det ledige stillingar i regionen.
Me ser etter deg som er varm, trygg og tydeleg, tek ansvar og får andre med deg. Du har eit positivt barnesyn, er ein god lagspelar og trivst både inne og ute.
Engasjement og personlege eigenskapar veg tungt.
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som innehold namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar.I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Les meir om Klausabakken barnehage her :
Livet er meir enn arbeid. På Voss kan du gå på ski om vinteren eller på fjelltur om sommaren, nokon et smalahove, høyrer på jazz eller driv med ekstremsport.Vossevangen er regionsenteret vårt. Me har eit godt utbygt næringsliv, er eit senter for utdanning i regionen og me er eit knutepunkt mellom aust og vest. Bergensbanen går gjennom Vossevangen, og me har godt togsamband til både Bergen og Oslo.Voss herad har om lag 16.000 innbyggjarar og er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i Voss herad.Verdiane våre er profesjonell - påliteleg - skapande - inkluderande