Get a reply from this employer — a resume and cover letter tailored to exactly what they’re hiring for.
Suldal kommune utlyser ei 1-årig prosjektstilling som fjernundervisningslærar, med moglegheit for forlenging. Du blir hovudmotoren i å etablere fjernundervisning mellom skulane, byggje den tekniske riggen og setje den første prøveundervisninga ut i livet.
Du må vere utdanna lærar med pedagogisk erfaring, ha vidareutdanning innan IKT, og kunne sjå kva som fungerer i eit klasserom. Det er fordel med bil og førarkort klasse B, og du må vere sjølvstendig, initiativrik og ha gode
Suldal kommune satsar på framtida. Me skal sikra kvalifisert undervisning av høg kvalitet for alle elevane våre, same kva for ein skule i kommunen dei går på. No opprettar me ei 1-årig prosjektstilling med moglegheit for forlenging. Me søkjer deg som brenn for både pedagogikk og teknologi.
Suldalsskulane er seks ulike skular - frå mindre bygdeskular til større trinnmiljø - alle med sine eigne kvalitetar. Me jobbar saman mot målet:
"Alle barn og unge i Suldal skal kvar dag oppleva meistring i eit inkluderande og trygt oppvekstmiljø som fremjar livslang læring"
Som vår nye fjernundervisningslærar vil du få ein unik sjanse – og stor fridom – til å forme både korleis denne ordninga skal fungera i praksis, og din eigen arbeidskvardag. Stillinga er tett på skulane og du skal saman med einingsleiarane finne dei gode løysingane. Stillinga vil rapportera direkte til kommunalsjef for oppvekst.
Du vil bli hovudmotoren i å etablere fjernundervisning mellom skulane våre. Det inneber at du får ansvaret for alt frå å byggje opp den tekniske riggen, til å setje den aller første prøveundervisninga ut i livet.
Velferdsutvalet arrangerer fast sommarfest, kom-i-form-konkurransar, og fjellturar. Dei arrangerer og andre samlingar innimellom, og du kan då blant anna bli med på middag, kurs, kino eller foredrag.
Dette er frivillige aktivitetar, men gir gode moglegheiter for å bli kjent med kollegaer i heile Kraftlaget.
Me har ordningar for vidareutdanning og kompetanseheving , både internt og gjennom regionale fagnettverk.
Dersom du bur i Suldal kan du få sletta deler av studielånet ditt. Du kan og prøvebu i ein av våre nye rekrutteringsbustadar .