An application made for this job — a tailored resume and cover letter that speak straight to the posting.
Sand barnehage søkjer ein engasjert pedagogisk leiar i 100 % vikariat frå 01.01.2027 – 31.12.2027. Me ynskjer ein medarbeidar som brenn for barns utvikling, leik og læring, og som vil bidra til eit trygt, inkluderande og inspirerande barnehagemiljø.
I Sand barnehage skal alle barn og vaksne oppleve tryggleik, omsorg, vennskap og meistring. Me legg til rette for leik, læring og utvikling i eit inkluderande fellesskap der kvart barn blir sett, høyrt og verdsett.
Vil du vere med og skape ein god stad å vera, leika og læra?
Sand barnehage søkjer ein engasjert pedagogisk leiar i 100 % vikariat frå 01.01.2027 - 31.12.2027. Me ynskjer ein medarbeidar som brenn for barns utvikling, leik og læring, og som vil bidra til eit trygt, inkluderande og inspirerande barnehagemiljø.
Om Sand barnehage«Du er viktig for oss!»I Sand barnehage skal alle barn og vaksne oppleve tryggleik, omsorg, vennskap og meistring. Me legg til rette for leik, læring og utvikling i eit inkluderande fellesskap der kvart barn blir sett, høyrt og verdsett.
Våre satsingsområde· Leik, leikemiljø og prosjektarbeid som arbeidsmetode
· Trygt og godt barnehagemiljø
· Fellesskap, mangfald og inkludering
· Relasjonskompetanse
· Språk og kommunikasjon
Arbeidsoppgåver· Leie og utvikle det pedagogiske arbeidet på avdelinga
· Sikre eit trygt, godt og inkluderande barnehagemiljø
· Planleggje, gjennomføre, dokumentere og evaluere pedagogisk arbeid
· Vere ein aktiv deltakande vaksen i leik og aktivitet saman med barna
· Rettleie og støtte medarbeidarar i det daglege arbeidet
· Samarbeide tett med føresette
· Delta i tverrfagleg samarbeid med aktuelle instansar
· Bidra til utvikling av barnehagen som lærande organisasjon
Kvalifikasjonar· Godkjend barnehagelærarutdanning
· Leiarerfaring eller erfaring frå pedagogisk arbeid i barnehage er ønskjeleg
· God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
· Digital kompetanse
Personlege eigenskaparMe ser etter deg som:
· Er varm, tydeleg og relasjonssterk
· Har engasjement for barns leik og læring
· Er strukturert og løysingsorientert
· Kan motivere og inspirere kollegaer
· Er fleksibel og samarbeidsvillig
· Tek ansvar og viser initiativ
Me tilbyr· Eit godt arbeidsmiljø med høgt fagleg engasjement
· Dyktige og støttande kollegaer
· Faste møtearenaer for fagleg utvikling
· Moglegheit til å påverke og utvikle barnehagen
· Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande avtaleverk
Kraftlaget – kva får du hos oss?ArbeidsmiljøVelferdsutvalet arrangerer fast sommarfest, kom-i-form-konkurransar, og fjellturar. Dei arrangerer og andre samlingar innimellom, og du kan då blant anna bli med på middag, kurs, kino eller foredrag.
Dette er frivillige aktivitetar, men gir gode moglegheiter for å bli kjent med kollegaer i heile Kraftlaget.
Fleksibilitet og kvardagslivMe gir ekstra lønnstillegg til pedagogar og prøver å vere fleksible for tilsette med faste arbeidsplanar, særleg ved behov knytt til familie og livssituasjon.
· Pedagogisk leiar i barnehage under 10 års ansiennitet: 30 000 kroner
· Pedagogisk leiar i barnehage 10 års ansiennitet: 32 000 kroner
· Pedagogisk leiar i barnehage 16 års ansiennitet: 37 000 kroner
UtviklingsmoglegheiterMe har ordningar for vidareutdanning og kompetanseheving, både internt og gjennom regionale fagnettverk.
Bu i SuldalDersom du bur i Suldal kan du få sletta deler av studielånet ditt. Du kan og pøvebu i ein av våre nye rekrutteringsbustadar.
Hjå oss i Suldal kommune får du:· Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
· Engasjerte og dyktige kollegaer
· Bedriftshelseteneste
· Gode løns- og tilsetjingsvilkår over tariff
· Nynorsk som administrasjonsspråk
· Høve til innmelding i lokalt kunstlag for fast tilsette
Andre opplysningar:· Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju
· Det er krav om godkjend politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltrede. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar
· Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa
· Kommunen følgjer offentlighetslova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarliste
Velkommen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg!Velkommen til Skattkammeret Suldal - Rogalands største kommune i areal, og eit levande samfunn rik på naturressursar og kreativ kraft.Me er stolte av å være ein nyskapande arbeidsgjevar. Me omfamnar LEAN-prinsippa for å skapa makalause tenester, og søkjer alltid etter dedikerte medarbeidarar som ønskjer å bli med på reisa vår.Om du søkjer ein meiningsfull karriere, samtidig som du ønskjer eit balansert og aktivt kvardagsliv, er Suldal plassen for deg.Det rike kulturlivet i Suldal gir liv til samfunnet, både i grendene og på vårt aktive kulturhus på Sand. Her ligg også sentralidrettsanlegget med idrettshall, sandhall og Suldal bad.Hos oss finn du dei høgaste toppane i Rogaland, langstrakte vidder, idylliske grender tett på fjorden og 70 km med merka skiløyper i vintersesongen.Utforsk våre ledige stillingar og bli ein del av laget vårt.Velkommen til Suldal kommune – eksotisk, aktiv og trygg!