Stand out for this role — generate a tailored resume and cover letter in about a minute.
Suldal kommune søker ein fjernundervisningslærar som skal byggje opp og drive fjernundervisning mellom skulane i kommunen. Du får stor fridom til å forme den første ordninga og din eigen arbeidskvardag, og vil jobbe tett med leiing og tilsette.
Stillinga er 1-årig med moglegheit for forlenging og rapporterer til kommunalsjef for oppvekst. Du vil vere hovudmotoren i å realisere den tekniske riggen og første prøveundervisning ut i livet.
Suldal kommune satsar på framtida . Me skal sikra kvalifisert undervisning av høg kvalitet for alle elevane våre, same kva for ein skule i kommunen dei går på. No opprettar me ei 1 -årig prosjektstilling med moglegheit for forlenging. M e søkjer deg som brenn for både pedagogikk og teknologi.
Suldalsskulane er seks ulike skular - frå mindre bygdeskular til større trinnmiljø - alle med sine eigne kvalitetar. Me jobbar saman mot målet:
«Alle barn og unge i Suldal skal kvar dag oppleva meistring i eit inkluderande og trygt oppvekstmiljø som fremjar livslang læring»
Som vår nye fjernundervisningslærar vil du få ein unik sjanse – og stor fridom – til å forme både korleis denne ordninga skal fungere i praksis, og din eigen arbeidskvardag. Stillinga er tett på skulane og du skal saman med einingsleiarane finne dei gode løysingane. Stillinga vil rapportere direkte til kommunalsjef for oppvekst.
Du vil bli hovudmotoren i å etablere fjernundervisning mellom skulane våre. Det innebar at du får ansvaret for alt frå å byggje opp den tekniske riggen, til å setje den aller første prøveundervisninga ut i livet.
Velferdsutvalet arrangerer fast sommarfest, kom-i-form-konkurransar, og fjellturar. Dei arrangerer og andre samlingar innimellom, og du kan då blant anna bli med på middag, kurs, kino eller foredrag.
Dersom du bur i Suldal kan du få sletta deler av studielånet ditt. Du kan og p r øvebu i ein av våre nye rekrutteringsbustadar .